søndag 26. januar 2014

Veke 26: Trening og leiking

Første veke tilbake heime i Bulawayo etter ein lang ferie. Det har vore godt å vere tilbake.. :)

Mandag var eg på kontoret for å treffe igjen kollegaene mine og oppdatere meg på kva som foregjekk. Sjefen min var ikkje der akkurat då, så i mellomtida viste eg bilder frå ferien til dei andre på kontoret. Før ferien hadde eg sagt til sjefen min at eg hadde lyst til å prøve å spele fotball for eit lag her nede etter at eg kom tilbake frå ferien. Når han kom til kontoret sa han at eg kunne få trene med Chicken Inn (eit eliteserielag frå Bulawyo) dersom eg ville det. Toppforma var ikkje akkurat inne etter ein lang ferie med mykje reising og nestan seks månader utan fotball, men like greit å hoppe i det når ein får eit slikt tilbod, så vi avtalte at neste dag skulle vi dra i lag på trening. Når det gjeld jobbaktivitetar, så ha skulane her nettopp starta opp igjen etter juleferien (som er lenger her enn i Noreg), så dei er visst ikkje heilt i gang med idrettsaktivitetar enno. Så det virka som sjefen min var meir gira på at eg skulle prioritere treningane med Chicken Inn framfor skulane den første veka i alle fall. (Alle synest det er veldig spanande at eg trener med Chicken Inn. Eg har sjølv sett mange eliteseriekampar her, utan å sjå ein kvit spelar, så dette er potensielt "big news"). Dette var heilt greit for meg.

Så denne veka har eg vore på tre treningar med Chicken Inn. Eg har blitt tatt godt i mot av både spelarar og trenarar. Spelemessig synest eg det har gått bedre enn forventa (forventningane var ikkje så høge etter seks månader utan fotball og så rett på eliteserietrening), men det har vore tungt fysisk. Forma er som sagt ikkje på topp og varme og nye fotballsko som gir gnagsår har ikkje gjort det lettare. Dei er i tillegg i sesongoppkjøring, så det har vore ein del løpetrening. Men eg har kome meg i gjennom alle øktene og ser lysare på den komande treningsveka.

Zimbabwe sitt landslag, the Warriors, (der tre spelarar frå Chicken Inn er med) er for tida med i ei turnering i Sør-Afrika. Turneringa heiter CHAN og er, slik eg har forstått det, for spelarar frå kvart land sine heimlege ligaer. Turneringa går annakvart år og vekslar dermed med African Cup of Nations som er ei større turnering prestisjemessig. I CHAN har Zimbabwe gjort det betre enn alle forventningar og tatt seg heilt til semifinalen (komande onsdag). I kvartfinalen (som dei vann 2-1 mot Mali) slapp dei inn sitt første mål i turneringa! Det kom på overtid, noko som betyr at dei gjekk nestan fire kampar utan å sleppe inn mål. Dette kan tyde på at den Zimbawiske ligaen er blant dei betre i heile Afrika. Zimbabwiske lag har tradisjonelt og gjort det bra i den afrikanske Champions League.

I tillegg har eg klart å få med meg to språktimar, som er nestan like mange som eg hadde frå august til desember. Før jul ga eg beskjed om at eg gjerne ville ha fleire språktimar etter jul, så no har eg fått to på ei veke. No skal riktignok læraren min reise vekk i ein månad, men eg har i alle fall fått litt å øve på i mellomtida. Det er vanskeleg, men veldig kjekt å bruke. Folk lyser opp når eg slår til med ei frase eller to.

På ettermiddagstid i det sola går ned (seks-sju-tida) har eg leika ein del med ungane i nabolaget ute. Når sola har stått på heile dagen er det godt å trekke ut litt når det begynner å bli kjølegare. På kveldane er det fortsatt litt for varmt inne i huset. Det verkar som ungane har sakna meg og eg har sakna dei. Dei er så blide og leikne at ein får mykje ut av å vere i lag med dei, og det verkar dei synest det er veldig kjekt å ha ein kvit fyr i nabolaget som dei kan leike med. Ein dag eg kom litt seint heim sto dei utanfor huset og venta på meg.. :) Vi har leika med klinkekuler, sprunge om kapp og dei har lært meg nokre afrikanske leikar.





I skrivande stund har eit 20-tals personar trykt seg inn i den lille stua vår for eit kyrkjemøte/kyrkjelydsmøte. Og DER begynte møtet med sang og bøn. Slik kan ein søndag i Bulawayo vere.

onsdag 22. januar 2014

Veke 20-25: Ut på tur

Etter seks veker på tur rundt om kring i Afrika utan blogging, kunne eg nok ha skrive ei bok om alle opplevingane. Men eg orkar ikkje å skrive ei bok, så eg summerer heller opp turen i bilder:

Veke 20: Studieveke i Cape Town
IKU-gjengen (vi frå Idrettens Fredskorps og nokre frå andre utvekslingsprosjekt) møttest på University of Western Cape i Cape Town for ei veke med undervisning og ein muntleg gruppeeksamen til slutt. IKU (Idrett, Kultur og Utvikling) er studiet vi tar gjennom Norges Idrettshøgskule medan vi er i Afrika. Eksamen var bestått/ikkje bestått og alle besto.. :) Veldig kjekt å treffe igjen gjengen. Ein del sosiale aktivitetar vart det og tid til.
IKU-gjengen
Tur til Table Mountain
Middag på restaurant

Veke 20-21: Familiebesøk
Etter studieveka fekk vi ferie og då kom halve slekta (mamma, pappa, mine tre søsken, tante, onkel og ein kjærast) frå Noreg for å besøke meg. Vi hadde ei veke i Cape Town og ei veke i Zimbabwe. Veldig kjekt å treffe alle igjen. Det var ein vellukka tur der vi fekk opplevd mykje.
Tennis i Camp's Bay (der vi budde i Cape Town)
Fire søsken på Cape Point
Tante og onkel på Cape Point
Pingvinar på Boulder's Beach
Brudern på Chapman's Peak
Nok ein tur til Table Mountain
Camp's Bay
Camp's Bay
Vinsmaking på vingarden La Motte i Franschoek
Safari i Hwange National Park i Zimbabwe
Safari i Hwange National Park i Zimbabwe
Safari i Hwange National Park i Zimbabwe
Safari i Hwange National Park i Zimbabwe
Safari i Hwange National Park i Zimbabwe
Mamma og pappa ved Victoria Falls

Veke 23: Road-trip i Sør-Afrika med Markus og Anita (jobbar og for Idrettens Fredskorps i Zambia). Vi kjørte frå Port Elizabeth til Johannesburg, via mellom anna Durban og Swaziland.
Feira nyttårsaften med verdas høgste brustrikkhopp,
Bloukrans Bridge, 216 meter over bakken

Eg heng langt der nede ein stad
Ei sjuk oppleving!
Å kjøyre over 1100 km på ein dag går an
Markus i Durban
Flodhest-safari i St Lucia
Vi kjørte oss ein tur i ein nasjonalpark...
…og fekk sjå fleire nasehorn (son er ganske sjeldne å sjå) på nært hald
Swaziland
Fjelltur i Swaziland

Veke 24-25: Tofo Beach, Mosambik, men Markus og Anita, der vi mellom anna snorkla med ein sju meter lang kvalhai og tok dykkersertifikat.
Anita med den noko skuffande Anita-kjeksen
Mozambeat Motel der vi budde var veldig bra
Dei spelte mykje bra musikk