mandag 28. april 2014

Dag 270-272: Helene og Mugabe

Torsdag kom sjølvaste Helene, idrettsfrivillig i Zambia, på besøk til Bulawayo. Ho er altså på same program som meg og er plassert i Livingstone i Zambia. No er ho på reise rundt i Zimbabwe, første stopp var Bulawayo. Vi hadde ein god lunsj i lag før eg fulgte ho til det norske legeparet som bur her i Bulawayo. Dei hadde, snille som dei er, tilbydd at ho kunne få bu med dei medan ho var her i byen.

Fredag kom sjølvaste Robert Mugabe, presidenten i Zimbabwe, på besøk til Bulawayo. Kvart år på denne tida er det ei handelsmesse her i byen, Zimbabwe International Trade Fair (ZITF). Det var kjent at Mugabe skulle stå for den offisielle åpninga av messa, men hemmeligheitsfull som han er var det ingen som visste kva tid han skulle kome. Eg, Helene, og vertssøskena mine drog dit for å sjekke ut messa og for å kanskje få eit blikk av sjølvaste presidenten. Det første vi møtte på var Mugabe som traska rundt på messeområdet. Riktignok omgitt av store mengdar politifolk, livvakter og skuelystne. Men vi fekk sett han fleire gongar og kom mykje nærare enn vi hadde trudd.
Mugabe med livvakter og skuelystne
Elles gjekk vi rundt på messeområdet og såg, men fann fort ut at det var mest ei "business-messe" og dermed ikkje så interessant for oss. Etter ein god lunsj i lag, reiste eg og Helene til National History Museum, som og ligg i Bulawayo. Eg hadde heller ikkje vore her før og det var eit veldig bra og interessant museum, men det var diverre ikkje lov til å ta bilder.
Eit glimt frå ZITF 2014
Laurdag inviterte Jone og Gunn (det norske legeparet) meg og Helene med på tur til Matopos National Park som ligg like utanfor Bulawayo. Eg hadde vore der ein gong tidlegare på ein strabasiøs og kjekk tur i lag med Jone. Den gongen gjekk vi til Nanke Cave som viste seg å bli ein lengre og varmare tur enn vi trudde. Denne gongen reiste vi til Cecil Rhodes si grav, som ligg på eit utkikkspunkt (World's View) og Silozwane Cave som inneheld eldgamle hulemåleri, i likheit med Nanke Cave. Nok ein kjekk og fin tur!
Helene på World's View
Rhodes si grav 
Helene og Jone i Silozwane Cave
Utsikt frå Silozwane Cave
Cecil Rhodes var ein britisk finansmann som levde på slutten av 1800-talet. Han dreiv og med politikk i Sør-Afrika. Han var grunnleggar av den britiske kolonien Rhodesia (1895) som var naturleg delt i to av Zambezi-elva. Dei tok dermed etter kvart nye namn: Nord-Rhodesia (1911) og Sør-Rhodesia (1901). Desse områda fekk etterkvart si sjølvstedigheit og blei til landa vi kjener dei som i dag: Zambia (tidlegare Nord-Rhodesia, sjølvstendig i 1964) og Zimbabwe (tidlegare Sør-Rhodesia, sjølvstendig i 1980). Det var dagens historietime.

søndag 20. april 2014

Veke 38

Har ikkje så mykje å skrive heim om denne veka. Har hørt rykter om at det er påske, noko eg ikkje har merka så mykje til, sett bort i frå litt ekstra kyrkjegåing no i helga. Det er ikkje akkurat som påske i Noreg. Fredag feira Zimbabwe sin 34. frigjeringsdag, noko eg heller ikkje merka så mykje til. Det er ikkje akkurat som 17.mai i Noreg. Eg har jobba litt med eksamen, trent litt (til dømes 3-timers aerobic-maraton på laurdag) og sett litt fotball. Er forøvrig litt tabbe å befinne seg i eit land der ein ikkje kan få sett snooker-VM på TV, men eg får i staden opplevd andre ting som eg ikkje ville opplevd i Noreg. For eksempel å besøke tre bursdagsborn i nabolaget:
2 år og kake
2 år (til saman) og kake

tirsdag 15. april 2014

Veke 37: Paralympic Games

Torsdag reiste eg til Marondera, aust i Zimbabwe, for Zimbabwe National Paralympic Games (ZNPG). Dette var ei flott turnering, men vart diverre nok eit eksempel på African Time, som kan vere ganske frustrerande til tider.

Mandag var eg på kontoret og spurte sjefen min, dum som eg var, om avreisetidspunkt (eg hadde her gløymt at dei fleste afrikanarar manglar evna til å planlegge meir enn, tja, fem minutt framover). Det visste han sjølvsagt ikkje, så eg ba han om å ringe meg når han visste det. Onsdag kveld hadde eg fortsatt ikkje hørt noko, så eg ringte for å høre. Avreise kl 6 fekk eg beskjed om. For tidlig til å vere verken sant eller godt, tenkte eg. Eit tidspunkt er ikkje eit tidspunkt her. Seier ein avreise kl 6, er det einaste ein kan vere sikker på at det blir avreise etter kl 6 ein gong. Eg er likevel van med å vere presis, redd for å ein gong kome for seint (noko eg enno ikkje har klart i Afrika uansett kor sein eg har vore) og håpefull om at dei ein gong skal klare å halde eit tidspunkt. Så eg sto opp kl fem for å vere på avtalt stad til avtalt tid. Eg gadd riktignok ikkje å stresse med å vere presis, så eg var der kvart over 6. Eg var overraska over at det såg ut til at alle allereie hadde møtt opp og såg nesten klar ut. Utøverane gjekk ombord i bussen, medan andre hjalp til med å feste bagasjen på taket. Lovande, tenkte eg. Sjefen min var og der og sa, som alltid, at vi skulle reise snart. Etter å ha sutte på ei trapp i morgonkulda i nærare to timar fekk eg beskjed om at vi kunne setje oss i bilen (og reise trudde eg). Men då måtte vi visst innom kontoret ein tur for å gjere gud-veit-kva. Etter to timar til, som eg tilbrakte halvsovande på ein sofa, klarte vi endeleg å setje kursen for Marondera. Flott å måtte stå opp kl 5 for å reise kl 10, tenkte eg. Etter ei punktering underveis, fekk eg meg endeleg noko å ete kl 14, ni timar etter frokost. I sju-tida var vi frame i Marondera og eg var klar for senga. Men då skulle vi visst kjøre ein halvtime inn i bushen for å droppe av nokon på ein lodge. Det er visst ikkje berre berre å droppe av nokon på ein lodge, så plutseleg hadde eg venta to nye timar i bilen. Deretter kjørte vi til Marondera High School, der administrasjonssenteret for turneringa var. Her vert det produsert unødvendig mykje papirarbeid og vi måtte visst registrere oss kl ti på kvelden. Etter, ja du gjetta riktig, ytterlegare to timar med venting vart eg endeleg kjørt til hotellet der eg kunne stupe til sengs rett over midnatt. Eg måtte altså stå opp kl 5 for å kome fram kl 24. 19 timar på 518 kilometer frå seng til seng. Det tilsvarer at vi skulle ha kjørt heile dagen med ei gjennomsnittsfart på 27 km/t. Slik føltes og dagen min.

Når det gjeld sjølve turneringa konkurrerte lag og utøvarar frå dei ti ulike provinsane i friidrett, nettball, fotball og goal ball (ein ballsport for blinde/svaksynte) i ulike klasser (synshemma, hørselshemma, og personar med fysiske eller psykiske handikap). Veldig kjekt å sjå på desse konkurransane og ikkje minst å treffe Andrea (frå Stranda) og Amon (frå Tanzania) som og er idrettsfrivillige på same program som meg i høvesvis Harare og Bindura i Zimbabwe. Eg er litt lei av å skrive om African Time no, men eg kan berre nemne at det vart ein del lange dagar, for eksempel etter å ha møtt opp kl 8 for å sjå friidrett som begynte kl 12. Mandag kjørte vi heim på rekordtid (altså i forhold til torsdagen). Denne gongen var vi berre ein drøy time forsinka og hadde kun eit par timar med tidssløsing. Etter nok ei punktering undervegs var eg heime rundt kl 20. Denne gongen tok det altså berre ca 14 timar, som tilsvarer ei gjennomsnittsfart på 37 km/t. Rekordfart!
Åpningsseremoni
I forrige innlegg fortalte eg om at eg ba ein lærar om å ta bilete av meg i aksjon som gymlærar. Etter timen sa han at han hadde tatt mange bilder, men det viste seg at han hadde tatt null. På onsdag prøvde eg (og han) på nytt. Etter timen sa han at han hadde tatt mange bilder, og det viste seg at han hadde tatt over 400 bilder! Noko som tilsvarer meir enn eitt bilete kvart tiande sekund. Her er eit eksempel:

Tirsdag, på same skule, leverte eg ut spørjeskjema angåande gym på skulen til to klasser. Dette er i forbinding med den siste eksamenen eg skal skrive på årsstudiet som eg tar gjennom Norges Idrettshøgskule medan eg er her nede.

søndag 6. april 2014

Veke 36: To månader att

I dag er det nøyaktig to månader til eg set meg på flyet heim til Noreg. Etter åtte månader i Afrika kjennes det ut som lite med berre to månader att. Og eg byrjer å innsjå kor rart det vil bli å reise herifrå. Etter å ha budd på ein stad i åtte (eller ti) månader blir ein særs knytt til både staden og folka, særskilt når ein har budd "åleine" i ein tettbudd afrikansk bydel, der ein lev tett på både familie og naboar. Eg vil i alle fall sørge for å nyte dei siste to månadane på best mogleg vis.

Eit eksempel på dette er at eg laurdag blei med ein nabofamilie i kyrkja på gudsteneste. Dette er ein familie eg har blitt meir og meir kjend med, spesielt borna, som eg leikar ein del med. Yngstedottera i huset kjem springande for å halde meg i handa kvar gong ho ser meg. Faren inviterte meg med til kyrkja, og det verka som dei var særs spente på at eg skulle bli med. Eg var ikkje ekstremt gira på ein tre-fire-timars gudsteneste som føregjekk hovudsakleg på eit språk eg ikkje forsto så mykje av, men eg blei med for opplevinga og for å kunne bli betre kjent med dei. Og eg angra ikkje på det. Det var ei kjekk oppleving og dei er særs hyggelege og kjekke folk. Etter gudstenesta blei eg invitert med heim til dei og fekk servert ein god lunsj.
Familien som inviterte meg med i kyrkja
Elles har eg jobba ein god del denne veka. Eg har hatt gymtimar tirsdag og onsdag på borneskulen der eg jobbar. Eg prøvde å få den eine gymlæraren til å ta nokre bilder av meg i aksjon og eg viste han korleis han skulle bruke kameraet. Etter gymtimane sa han at han hadde tatt mange bilder. Eg sa flott, då kan eg berre slette dei eg ikkje vil ha. Når eg kom heim viste det seg at han hadde tatt null bilder. Eg trur eg må prøve meg på ein enno grundigare kamerainstruksjon neste veke. Torsdag var eg med på idrettsdag på High Schoolen der eg jobbar. Dei fleste skulane har ein eller to idrettsdagar i veka, der ein avsluttar med to timar med ballsportar. Ein har og skulelag i dei ulike ballsportane. Fredag hadde eg fire gymtimar på same skule. Eg introduserte dødball (som ikkje er kjent her) med stor suksess.

I dag har temperaturen dalt litt og det har vore rundt 20 grader, overskya og litt vind. Dei lokale synest det er kaldt, eg synest det er kjøleg og deilig. Det går mot vinter her, så det spørs om eg må grave fram ei bukse og ein genser frå nederst i sekken eg reiste med frå Noreg snart.. ;)
Den beste vermeldinga eg har sett på ei stund, ettersom eg har lengta etter litt kjølegare ver i nokre månader no.