søndag 29. september 2013

Veke 9: Endeleg i gang!

Denne veka er den første veka der eg kan seie at eg faktisk har kome i gang med idrettsdelen av opphaldet. Det har med andre ord tatt si tid, på lik linje med det meste her nede.

På onsdag var eg for eksempel på besøk på ein barneskule (Ngwalongwalo Primary School) som ligg to minutts gange frå der eg bur. Når eg, som kvit mann, går inn på ein barneskule her nede har det omtrent samme verknad som om Justin Bieber skulle gått inn på ein barneskule i Noreg for å dele ut klemmar og godteri. ALLE ser på meg, all undervising stoppar opp ettersom alle ungane snur seg mot meg og dei som er ute på skuleplassen flokkar seg rundt meg. Eg var på visitt for å forhøyre meg om korleis dei dreiv idrett på den skulen. Etter å ha blitt sendt hit og dit til ulike personar som kanskje visste noko, viste det seg at onsdag var ein av dagane dei dreiv idrett og til slutt fann eg læraren som skulle ha ansvaret for idrettsaktivitetane den dagen. Hundrevis av ungar samla seg ute og satte seg rundt eit tre klare for idrett. Det er litt fleire ungar per skule her enn i Noreg. Eg veit i alle fall at på den eine barneskulen er det om lag 2000 elevar. Eg og læraren gjekk bort til treet. Han tok ordet og sa noko på ndebele (det lokale språket), men eg trur ungange såg meir på meg enn dei hørte på han. Plutseleg ba han meg introdusere meg, så eg slo til med ei helsing på ndebele og då tok det heilt av. Latter og high-fives spredde seg blant hundrevis av ungar og det tok vel eit godt minutt før eg faktisk fekk introdusert meg. Ungane blei sendt til dei ulike idrettsbanene og eg fekk beskjed om å ta oppvarminga for basketballaget. Dette visste eg ikkje om på førehand, men det er berre bra at eg blir kasta ut i det. Slike utfordringar lærer ein mykje av og endeleg fekk eg ansvaret for litt aktivitet. Og det blei ei skikkeleg utfordring! Det begynte med om lag 40 ungar, som kan vere ei organisatorisk utfordring i seg sjølv, men det tok ikkje lang tid før det var nærmare 100 ungar inne på den lille basketballbana. Eg trur alle ville bli med på den kvite mannen (som i tillegg kunne seie noko på ndebele) si oppvarming. Det var ikkje så lett å halde kontroll på 100 viltre ungar, men eg fekk gjort nokre aktivitetar og dei fekk i alle fall bevegd på seg, så det gjekk veldig fint. Etter ei stund kom læraren tilbake og organiserte nokre kampar. Dei spelte fem mot fem, medan resten satt og såg på. Ikkje heilt optimalt etter eit norsk perspektiv der inkludering og aktivitet er viktig, så her har eg noko eg kan jobbe med. Læraren sa at der eigentleg skulle vere fleire lærarar, men dei var ikkje så interessert i idrett så dei hadde droppa det. Dei som spelte fotball litt lenger borte, måtte for eksempel styre seg sjølv. Idrett og gym er ikkje alltid like høgt prioritert her som i Noreg.

På torsdag hadde eg endeleg min første ndebele-time på Pumula High School. Alle beherskar engelsk her, men ndebele blir mest brukt, så det blir kjekt å lære litt av det. Eg har allereie tatt i bruk ein del helsingar og liknande, noko som er veldig populært blant dei lokale. Eg hadde og mi første treningsøkt med U16-jentelaget på denne skulen på torsdag. Dette visste eg heller ikkje om på førehand, men det gjekk bra likevel. Dei skulle plutselig trene i lag med U15-guttelaget, så dei blei ganske mange, så og her blei organiseringa ei utfordring. Her møter ein organisatoriske utfordringar ein aldri møter i Noreg.

Laurdag reiste eg med familien for å besøke søstra mi på skulen der ho bur. Der skulle det vere ein seremoni med prisutdeling. Denne dagen blei eit prakteksempel på omgrepet "african time":
På fredag fekk eg presentert følgande laurdag: Avreise halv ni. Det er 120 kilometer til skjlen, altså ca ein times kjøring (allereie her skjønte eg at familien min ikkje skilte seg frå andre afrikanarar når det gjaldt å berekne tid, ettersom eg tvilte sterkt på ei snittfart på 120 km/t). Seremonien skulle begynne kl 10 og vare ein time. Deretter skulle vi kjøre heim. Eg hadde lyst til å sjå i alle fall noko Premier League på TV, så eg spurte om vi ville vere tilbake til det. Og jada, det skulle vi rekke.
Eg ante at dette var for godt til å vere sant, så eg såg for meg føgande laurdag: Avreise halv ni (avreise er dei faktisk som regel ganske presis på, av ein eller annan merkeleg grunn). Det vil ta nærare to timar å kjøre, så vi kjem litt for seint til seremonien som skulle begynne kl ti. Men denne er sjølvsagt forsinka, kanskje den begynner kl 11. Den varer og sjølvsagt meir enn ein time, eg tippa på to, så då er den ferdig rundt kl 13. Då har vi fortsatt ein time til overs til diverse afrikansk tidssløsing og vi kan fortsatt vere heime til kl 16 og rekke ein del Premier Leauge. Etter dette kjappe tankeresonnementet takka eg ja til å bli med, sjølv om det ikkje hørtes ekstremt spennande ut (eg har fått med meg nok afrikanske arrangement til å vite at dei garantert inneheld unødvendig lange og intetsigande talar).
Laurdagen blei slik: Avreise halv ni (ein bra start, men så var det og slutt på å vere presis og effektiv). Etter ein haug med stort sett unødvendige ærend i byen reiste vi frå byen først halv elleve. Altså ein halvtime etter at seremonien skulle ha begynt, og vi var fortsatt 120 km i frå skulen. Eg prøvde å spørre om vi kom til å rekke seremonien, men dei sa berre at den var sikkert forsinka. Vi ankom skulen i 12-tida og seremonien var godt i gang, men sjølvsagt ikkje ferdig slik den skulle ha vore etter planen. Den var derimot ferdig i 14-tida. Eg spurte om vi no skulle kjøre heim, og ja, det skulle vi, vi skulle bere ete lunsj først. Etter diverse afrikansk tidssløsing, som eg fortsatt ikkje forstår noko av, kjørte vi heimover i 16-tida og kom heim i 18-tida. Så det blei ikkje så mykje Premier Leauge den dagen. Dette var sjølvsagt ikkje noko krise, men det heile kan vere ganske frustrerande til tider. Eg er glad i å utnytte dagar på ein god måte, noko som ikkje alltid er like lett her nede.
Når det er sagt var det samtidig ein hyggelig tur. Og undervegs fekk eg sett mange bavianar, to giraffar og "balancing rocks" (kjente steinformasjonar). Eg fekk og oppleve korleis ein her nede løyser det å møte ein bil på ein smal veg. Eit parti undervegs bestod vegen av asfalt som berre var brei nok til ein bil, med to meter med grus på kvar side. Når ein då kjører i hundre og ser ein bil kome i mot kan ein følge følgande instruksjon: Hald same fart (ca 100 km/t) og styr bilen beint fram midt på vegen rett mot den møtande bilen. Hald denne posisjonen lengst mogleg og sats på at den andre vil vike ut i grøfta. Dersom dette ikkje skjer må du, ca 10-20 meter før den foreståande fatale front-mot-front-kollisjonen, kaste bilen ut i grøfta og passere i høg fart.  Sjølv om det kjennes ut som bilen skal velte i det du kastar den ut i grøfta, treng du likevel ikkje å bekymre deg for dei to små gutane som ligg bak på lasteplanet og søv. Kjekt med litt spenning!
Lunsj på lasteplanet

Helga blei avslutta med fotballkamp: Highlanders mot Triangle, eit cupoppgjer mellom to lag frå toppserien i Zimbabwe på Barbourfields Stadium her i Bulawayo. Highlanders er det største og beste laget frå Bulawayo og heng med i toppen av tabellen åtte rundar før sesongslutt. Triangle ligg litt under midten av tabellen. Highlanders vann fortjent 3-2 foran eit ellevilt heimepublikum. Det var veldig kjekt å vere på kamp, dette vil eg definitivt gjere igjen. Overraskande høgt nivå på spelet, bra med engasjement på tribuna og absolutt underhaldande. Eg tippar på om lag 15000 tilskodarar. Billettprisen på 1 dollar (6 kr) var ikkje akkurat avskrekkande heller.





søndag 22. september 2013

Generelle inntrykk


Den siste veka har stort sett gått med til planlegging av tida fram til jul, skulebesøk og introdusering til dei eg skal jobbe med. Introdusering er ganske viktig her nede har eg skjønt. Dersom eg skal jobbe med ein person, må eg først bli tatt med til skulen han/ho jobbar på for å bli introdusert for personen og først neste gang eg kjem dit kan vi begynne å planlegge noko i lag. Å i staden slå to fluger i eit smekk (introdusering og planlegging på same dag) trur eg ikkje dei har vurdert. TTT (ting tek tid) i Afrika. Eg skal jobbe på skular i nærleiken av der eg bor med ulike idrettar. Eg er i alle fall i gang og det vil nok ta seg opp etter kvart. Har i tillegg funne meg ein ny favorittplass i byen: Bulawayo sitt bybad, ein fin plass for avslapping og nedkjøling no når temperaturen har krope over 30 grader.

Bulawayo Municipal Swimming Pool
Ettersom det ikkje var så mykje nytt å fortelje, kan eg benytte anledninga til å i staden fortelje om mine inntrykk hittill av livet i Afrika:
  • Folkelynne:  Noko av det første ein legger merke til er at folk er utadvendte, høflige og blide. Framande kjem bort til deg og vil prate til deg når og kvar som helst (sikkert delvis fordi eg er kvit, men uansett), noko som er hyggeleg. Dei er og særs formelle. Som tidlegare nevnt er introdusering og helsing viktig. Skal ein for eksempel halde ein tale, er det viktig bruke eit minutt eller to på å ramse opp og sette pris på alle dei vitkige personane som er til stades før ein kan byrje på sjølve talen.
  • Å vere kvit: Å vere kvit i Afrika medfører ein del merksemd, spesielt i dei delane av byen der det ikkje er andre kvite. Når eg ferdast i sentrum ser eg nokre andre kvite, så då merker ein ikkje så mykje til det. Men i bydelene der eg bur er eg den einaste kvite og det merkast. Samtlige born og dei fleste vaksne stirrar på meg når eg går forbi. Det første lokale ordet eg lærte meg var ”kiwa” som betyr kviting, noko borna likar å rope etter meg. Dei synest det er spanande å sjå ein kvit person i nabolaget og det er berre kjekt! I enkelte delar av byen er det plutselig mange kvite å sjå, dei kvite bur visst i den sørlege delen av byen.
  • Bulawayo: Bulawayo er ein fin og variert by med om lag ein million menneske. Det er stor forskjell på sentrum og dei ulika bydelane, så her er mykje å oppleve. Markeda er dominerande i bybildet. Der kan du få kjøpt alt frå sko, kle, dopapir, hengelåsar, heksemedisin, larvesnacks til frukt og grønt.


Bulawayo City Council Offices
Marked
Litt heksemedisin?

  • Pumula South: Eg bur i bydelen Pumula South, som ligg eit kvarters kjøring vest for sentrum. Det blir karakterisert som ein svart og tettbebudd bydel. Her er ikkje akkurat norsk standard på husa, men dei fleste bur veldig greit. Husa står tett i tett, dei fleste med murar rundt.
Nabolaget mitt
Vegen min

Mi næraste fotballbane


  • Mat: Her har dei tre måltid. Frokost kan bli inntatt ein gong mellom sju og ti, eller ikkje inntatt i det heile. Frukost er visst ikkje så viktig. Den består stort sett av loff med eit eller anna pålegg. Lunsj er i ett-tida og middag i sju-tida. Lunsj og middag består i over nitti prosent av tilfella av sadza (og kjent som nshima) med litt saus, litt kjøt og litt grønsaker. Her er det viktig at sadzaen dekker om lag nitti prosent av tallerkenen.  Sadza er ein mellomting mellom ein deig og ein mos som dei lagar av maismel. Sadza er ganske næringsfritt og smakar tilnærma lik ingenting. Dei synest det er sinnsjukt godt. Eg har sagt at eg kan ete litt av det, men at eg må i så fall nå ha noko anna i tillegg, så no får eg pasta, ris eller poteter i staden. Eg orkar heller ikkje å ete loff til frukost, så eg et frukostblanding i staden. Så matmessig har eg ingenting å klage over.
Typisk lokal lunsj/middag
Min frukostmeny
  • African time: Dei fleste har vel hørt omgrepet ”African time”. I Afrika tek det meste unødvendig lang tid. Dei færraste møter presis til avtalte klokkeslett. Dersom ein seier at noko skal skje ”now” betyr det gjerne om eit par timar. Det er først når ein seier at noko skal skje ”now now” at det faktisk betyr no. Dette må ein berre innfinne seg med.
  • Religion: Religion er særs viktig her. Alle er kristne og så godt som alle går i kyrkja minst ein gong i veka. Her er tusenvis av ulike kyrkjer og det første spørsmålet framande stiller meg er ofte kva kyrkje eg går i i Norge. Dei vert ofte ganske forbausa når eg prøver å forklare at vi stort sett har ei dominerande kyrkje, som av dei fleste blir brukt berre eit par gongar i året.
Mine foreldre si kyrkje
  • Språk: I Zimbabwe er det tre dominerande språk og ein haug med mindre utbredte språk. Engelsk blir snakka over heile landet. I aust snakkar ein i tillegg det lokale språket shona, medan her i vest er det det lokale språket ndebele som vert nytta i tillegg til engelsk. Eg har lært meg nokre ord på ndebele og det tek som regel heilt av når eg slår til med nokre gloser overfor dei lokale.. :)
  • Trafikk: For å kome meg til og frå byen tek eg såkalla combis som er minibussar som neppe ville blitt EU-godkjent. Men dei kjem seg til og frå byen på eit kvarters tid, stort sett utan problem. I kvar combi er det sitteplassar til 14 stk, men den er ikkje full før dei har stappa minst 20 ned i seta. Det har og utvikla seg ein intern konkurranse mellom combisjåførane om å få med seg ”the kiwa” på sin tur. Å ta combi er kjekt!
Combistasjonen
8 ungar i baksetet på ein bil? Ingen problem!

  • Søppel: Søppel flyt nærmast overalt i Afrika. Kanskje ikkje så rart når søppelbøtter knapt eksisterer. Her må det haldningsendring til!

Bilvrak er ikkje uvanleg å sjå
Søppel i nærleiken av åker og fotballbane
  • Vær: I Zimbabwe har ein tre årstider. Ein kjølig og tørr vinter frå mai-august. Ein varm og tørr sommar frå september-november. Og ei fuktig regntid frå desember-april. I regntida kjem regnet mest som regnskurar på ettermiddagen og i desember er det nok fortsatt varmt mens temperaturen vil synke gradvis etter kvart som det nærmar seg vinter. Så akkurat no for tida er det eit par-og-tredve grader og sol kvar dag.
  • Media: Må til slutt nevne avisa B-Metro som er ei ganske interessant avis. Eg må presisere at dette ikkje er Zimbabwes mest seriøse avis.