onsdag 11. desember 2013

Veke 19: YES-festival

Tirsdag skulle eg kjøre til Masvingo i lag med koordinatoren min, Simba, for å ha "mid-term evaluation" (hittil-evaluering) og for å få med oss den nasjonale YES-festivalen. Mandag avtalte vi at han skulle plukke meg opp i sentrum ni-halv ti. Han sa at det seinaste vi kunne kjøre var kvart på ti, ettersom programmet begynte klokka ett i Masvingo. Eg sto klar i sentrum kvart over ni. 2,5 time seinare vart eg plukka opp og vi satt kursen for Masvingo, som ligg tre-fire timar aust for Bulawayo. Eg tenkte at no kom vi til å bli ganske forsinka til programmet, men eg er blitt ganske van med å kome for seint utan at det er min feil. Vi ankom Masvingo rundt kl fire og innsåg at vi var dei første frammøtte. Alle dei fire frivillige i Zimbabwe skulle møte klokka ett i lag med koordinatorane sine i tillegg til representantar frå organisasjonen vår, Sports and Recreation Commission (SRC). Vi var tre timar forsinka, men likvel minst forsinka. Ikkje lenge etter kom heldigvis resten og saman brukte vi to dagar på å oppsummere og evaluere perioden så langt og sette mål for perioden etter jul. Ekstra kjekt å treffe att dei andre norske i Zimbabwe. Ein del av onsdagen vart brukt til utflukt til Great Zimbabwe Ruins. Dette er ruinane av sentrum av det tidlegare kongeriket Zimbabwe. Great Zimbabwe var busatt frå omlag 1000-1300 e.Kr. og er no på UNESCO's verdsarvliste. Interessant å sjå:















Torsdag starta YES-festivalen som er ei turnering for ungdommar i alderen 12-14 år der dei konkurrerer i fotball, volleyball og nettball (afrikansk versjon av basketball for jenter). Dette var den nasjonale turneringa der totalt femti lag hadde kvalifisert seg frå dei ti ulike provinsane. I tillegg er det mykje fokus på samfunnsprosjekt og utdanning i viktige tema for ungdommar (for eksempel HIV/AIDS, "life skills", rettigheiter og likande) i denne turneringa, så det var mest det vi fekk med oss torsdag og fredag. Det meste av sjølve idrettskonkurransane foregjekk laurdag, men då måtte vi norske dessverre ta buss til Harare ettersom vi skulle flyge til Cape Town på søndag. I Harare hadde vi ei fin natt på nydelege Hotel Bronte før vi satte kursen til Cape Town, der vi no er midt i ei studieveke. På laurdag er det gruppeeksamen før ein solid juleferie ventar.. :)

mandag 2. desember 2013

Dag 125: Cupfinale og taco

Laurdag skulle eg ta med brødrene mine til Barrow, det offentlege svømmebassenget i byen. Det var varmt og vi gleda oss alle til ein avkjølande dukkert. Eg visste at det skulle vere eit svømmestevne der i helga, men i følge ein plakat skulle dei stenge for offentlegheita klokka to. Det stemte sjølvsagt ikkje. Vi kom dit, litt forsinka, kvart på eitt og fekk beskjed om at det no var stengt. Plakaten med "2pm" på hang rett ved sida av dama i skranka som sa at det var stengt, men det hjalp ikkje. Då var det ikkje så mykje anna å gjere enn å skuffa ete lunsjen vi hadde kjøpt med utanfor og vente på å bli henta.

Deretter tok eg turen til cupfinalen (Mbada Diamonds Cup) i fotball mellom det lokale storlaget Highlanders mot How Mine som endte på 9.plass (av 16) i ligaen i år. Highlanders var storfavorittar på heimebane og presset var stort etter å ha mista ligagullet, til slutt på målforskjell, i dei siste serierundane. Det var ekstra livlig både i byen og utanfor stadion før kampstart. Highlanders innfridde og vann til slutt høgst fortent 3-0 i ein kjekk kamp med ellevill stemning på fullsatte tribuner. Etter kampslutt storma publikum bana, berre for å bli jaga tilbake av politi med hundar. Det virka som den feststemte fanskara syntest dette var kjempekjekt, så det heile gjentok seg fleire gongar i ein slags katt-og-mus-leik. Her er nokre bilder frå ein kjekk kamp:

Maskoten og trofeet
Highlanders klare til kamp

1-0
God stemning
Storming inn på bane
Storming av bane
Tatt
Feiring

Leike med politiet er gøy
Feiring
På kvelden hadde eg planlagd å lage taco til familien. Det hadde dei aldri hørt om og dei trudde ikkje heilt på at eg kunne å lage mat heller. Dei blei enno meir skeptisk når dei såg mengda av grønnsaker og lurte på om eg ikkje skulla ha sadza (populær maismelblanding her) eller ris til. Dei innrømte seinare at dei på dette tidspunktet hadde bestemt seg for å lage ekstra middag etter vi var ferdig med tacoen. Ei stor lefse seinare var dei stappmett og nøgd, så det heile var ein suksess. Restane blei lunsj dagen etterpå.

I morgon legg eg ut på ei sju-vekers reise rundt om kring i Afrika med følgande reisemål:
3.-7. desember: Masvingo, Zimbabwe (YES-festival)
8.-22. desember: Cape Town (studier og ferie)
23.-29. desember: Zimbabwe (Bulawayo, safari i Hwange, Vic Falls)
30.desember-6.januar: Road-trip sør-øst-Afrika
7.januar-18.januar: Tofo Beach, Mosambik
Eg gledar meg! :)
Mine gode vener i nabolaget

mandag 25. november 2013

Veke 17

Denne veka har eg dessverre ikkje hatt nokre aktivitetar på skulane denne veka ettersom eksamensskriving blir prioritert høgare enn idrett. Men veret har heldigvis vore kjølegare (stort sett rundt 20 grader), så då er alt fint. Onsdag var eg på eit forberedande møte om YES-festival kvalifiseringsturneringa som skulle vere på laurdag. Torsdag morgon la eg ut på ein sykkeltur. Eg såg at det var fare for regn, men det var ikkje meg i mot. 10 minutt seinare var eg gjennomvåt og det regna så kraftig som eg aldri har opplevd før. Eg likte det, men eg valde å snu ettersom det var vanskeleg å sykle og lyn på gong. På vei tilbake punkterte sykkelen, så då måtte eg gå. Det var som å gå gjennom ein gigantisk dusj. Veldig deilig. Grusveiane blei forvandla til elver. Vel heime var det berre å vrenge av seg kle og vrenge dei for vatn. Regnet ga seg ikkje, så den dagen var eg for første gong heime heile dagen. Jobba ein del med eksamen, noko eg har gjort fleire dagar denne veka. Den skal leverast seinast 6.desember. Den begynner å ta form og eg satsar på å bli ferdig den komande veka før vi reiser til Masvingo for YES-festival. Laurdag var eg på den nemnde kvalifiseringsturneringa heile dagen. Alle hadde på møtet på onsdag fått beskjed om å møte opp klokka 7. Klok av skade gjekk eg heimefrå 7:15 og var framme 7:45. Då hadde nokre møtt opp, dei fleste ikkje. Ingen spørsmål om kvifor eg var for sein. Ein er sjeldan for sein i Afrika. På programmet for turneringa sto det ingen klokkeslett. Slik er det her. Når det er sagt var det ei fin turnering som var nokså bra organisert. Det heile tok sjølvsagt unødvendig lang tid og eg var ikkje heime før kl 18. Men ungane såg ut til å ha det kjekt, spesielt dei laga som gjekk vidare til nasjonale turneringa i Masvingo, første veka i desember. Eg var med på å vurdere idrettsmappene til kvart av laga, som og tell som ein del av konkurransen. Dette tok mesteparten av dagen, ettersom vi skulle gjennom 21 tjukke mapper, men eg fekk og sett litt på turneringa og tatt nokre bilder.
Mappevurdering
Volleyball
Fotball
"Peer education"-presentasjon
Prisutdeling


Søndag drog eg på serieavslutning i Zimbabwe Premier Soccer League. Highlanders, som har blitt mitt lag, skulle spele heimekamp på Barbourfields Stadium her i Bulawayo mot Shabanie Mine. Før kampen såg toppen av tabellen slik ut:
1. Harare City, 53 poeng, 16 plussmål
2. Dynamos, 51 poeng, 19 plussmål
3. Highlanders, 51 poeng, 16 plussmål
Harare City hadde ein tøff bortekamp foran seg, medan Dynamos og Highlanders hadde på papiret lette heimekampar. Det var dermed duka for ei thrilleravslutning der alle kunne vinne. Men det måtte riktignok ein del til for at Highlanders skulle vinne. Det blei heller aldri den heilt store spenninga for Highlanders sin del. Dei kjørte riktignok over Shabanie Mine, men dårlig utnytting av sjansane og eit tabbemål bakover gjorde at dei vann berre 3-1. Underveis hørte vi at Dynamos leda, så då var alt håp ute. CAPS United - Harare endte 2-2, medan Dynamos vann 2-0. Dermed stakk Highlanders sin erkerival Dynamos av med gullet for tredje året på rad. Dynamos og Highlanders er dei to største laga i Zimbabwe, men Highlanders har ikkje kalrt å vinne gull sidan 2006. Dei har derimot fem andreplassar i løpet av dei ti siste åra. Tabellen blei slik:
1. Dynamos, 54 poeng, 21 plussmål
2. Highlandes, 54 poeng, 18 plussmål
3. Harare City, 54 poeng, 16 plussmål
Ein ganske utruleg sluttabell. Bittert for Highlanders som tapte mot både Dynamos og Harare i løpet av dei fem siste serierundane. Highlanders kunne til og med vunne gullet i siste serierunde. Hadde dei ikkje sluppe inn tabbemålet og scora to mål til, som dei hadde rikeleg med sjansar til å gjere, hadde dei faktisk vunne serien. Førstkomande laurdag skal Highlanders spele cupfinale på heimebane mot How Mine. Får satse på revansj der! Når eg kom heim såg eg at det hadde blitt delt ut eit cupgull i Noreg, så då var det greit.. ;)

Til slutt to fine bilder frå livet i Afrika:


søndag 17. november 2013

Veke 16: For varmt

Denne veka har det vore for varmt til å gjere noko særleg. Sol og rundt 35 grader. Her er det lille eg har gjort. Mandag var eg på kontoret. Tirsdag drog eg til Pumula High. Trudde eg skulle ha fotballtrening, men det skulle dei visst ikkje. Ingen av laga der gjekk vidare til neste kvalifiseringsrunde i YES-turneringa, så då slutta dei visst med fotballtrening. Så då må eg mest sannsynsleg finne meg noko anna å gjer tirsdagar og torsdagar. Samtidig er det berre to veker til eg drar til YES-festival, studieveke og juleferie. Elles har eg slappa mykje av. Er ikkje så mykje anna som fristar i varmen. Eg var på Barrow (offentleg svømmebasseng i byen) dei tre første ettermiddagane i veka for å kjøle meg ned. Det verste med varmen er at det blir så varmt inne i huset der eg bur. På vei heim frå svømmebassenget i det sola er i ferd med å gå ned er det nokså leveleg temperatur. Men så fort eg kjem inn i huset er eg like varm igjen. Det er eit murhus med små vindu (som dei helst ikkje vil åpne på grunn av mygg) og ein høg mur rundt heile huset, så det er ikkje så mykje luft som slepp verken inn eller ut. Det er som å bu i ein hermetikkboks. Kaldt når det er kaldt og varmt når det er varmt. Eg veit ikkje kor varmt det er på rommet mitt på det verste, men i følge yr.no er det eit par-og-tjue grader ute rundt midnatt og det er betydeleg varmare på rommet mitt, så at det er opp mot 30 grader tvilar eg ikkje på. Etter kvart blei eg så lei av mitt varme soverom at eg spurte om eg kunne flytte inn med det norske legeparet som og bur her i Bulawayo for eit par netter. Det skjønte både dei og vertsfamilien min godt, så det var ikkje noko problem. Dei har eit litt luftigare hus med utandørs sitteplassar og ikkje minst svømmebasseng i hagen. Så dei fire siste nettene har eg tilbragt der i godt selskap. Veldig hyggeleg og eg har blitt tatt godt i mot, så stor takk til dei! Det var varmt om nettene der og, men betre enn heime. Eg har i alle fall fått slappa litt betre av i varmen og skrive ein del på eksamensoppgåva mi. Det hadde eg ikkje klart heime. Har til og med tatt eit par joggeturar tidleg på morgonen før det har blitt for varmt. No er eg tilbake i min eigentlege heim og det er godt det og. Den komande veka er det heldigvis meldt kjølegare, faktisk ned mot 20 grader og regn enkelte dagar. Det gledar eg meg til! :)
Min reserveheim når det blir for varmt

mandag 11. november 2013

Veke 15

Veke 15 av totalt 45 (you do the math) besto av mykje av det vanlege og ein uventa tur til Matopos!

Mandag var eg som vanleg på kontoret heile dagen. Jobba stort sett med eigen eksamen.

Tirsdag hadde eg språk-time og fotballtrening på Pumula High School. Begge deler er veldig kjekt og har gått bra så langt. Kjekt å lære og bruke litt ndebele, noko som gjer det enklare å kome i kontakt med lokalbefolkninga. Eg kan slengje ut eit par gloser, så har eg fått nok av merksemd for den dagen. Skulejentelaget eg har trent synest det er veldig kjekt når eg kjem for å trene dei og eg synest og det er kjekt å trene dei.

Onsdag hadde eg for første gong gymtimar på Ngwalongwalo Primary School, som ligg to minutts gange frå der eg bur. Eg hadde tre gymtimar på rad for ei 4., ei 5. og ei 6.klasse. Dei visste at eg skulle kome og var veldig spente. Det gjekk veldig bra med alle klassene og både dei og eg hadde det gøy. Den eine klassa møtte ikkje opp på idrettsplassen til avtalt tid, så eg gjekk til klasserommet for å sjå. Då viste det seg at læraren hadde glømt av det heile. Så hadde eg ikkje vore der den dagen, hadde det kanskje ikkje blitt gym på elevane den dagen.. Seinare på dagen tok eg turen til treningssenteret eg går på og til Barrow, eit offentleg svømmebasseng i sentrum. Barrow er min favorittplass på varme dagar, noko det er nok av for tida. Når eg gjekk inn var det sol og varmt, etter å ha svømt eit par lengder begynte det plutseleg å høljeregne. Regntida har så vidt begynt, det vil seie regnskurar på ettermiddagen/kvelden nokre dagar. Eg gjekk på land for å redde sekken under tak. No var eg så godt som aleine på heile anlegget. Eg blei ståande i det behageleg kjølege regnet og sjå på fem hegrer som bygde reir i eit tre som var meir rosa enn grønt. Kor ofte kan ein stå ute i regnet i Noreg iført kun shorts utan å fryse? Ei eksotisk oppleving.


Torsdag hadde eg nok ei fotballtrening for jentene på Pumula High.

Fredag var eg på turnering på Amhlope High School. Det var ei kvalifiseringsturnering til YES-games som vi skal på i Masvingo i byrjinga av desember. Her deltek skulelag frå Highs Schools i fotball, volleyball og netball (afrikansk versjon av basketball, for jenter). Deltakerane er 12-14 år. I tillegg til idretten må alle laga og gjere ulike samfunnsprosjekt (for eksempel plante tre, plukke søppel o.l.) i løpet av året. Når dei kjem til turneringa leverer dei inn ei mappe som viser kva samfunnsprosjekt dei har gjort, ei mappe som handlar om laget og idretten og ei mappe som handlar om "peer education" (utdanning av deltakerane, med tema som HIV/AIDS, "life skills, o.l.). I tillegg har dei ein presentasjon (dramatisering, song/dans) som skal handle om tema frå "peer education". Alle dei tre mappene og presentasjonen blir vurdert på lik linje med dei idrettslege resultata. Dei beste laga får vidare til neste kvalifiseringsrunde (ein må gjennom tre kvalifiseringsrundar før ein får reise til den nasjonale konkurransen, dette var den andre av tre kvalifiseringsrundar). Ei fin turnering som kombinerar idrett med moralsk arbeid. Eg var med på å vurdere ein del av idrettsmappene, før eg fulgte jentelaget eg har trent i kampane dei spelte. Den eigentlege trenaren deira var ikkje der, så det var flaks at eg var der. Dei tapte to kampar og vann ein. Eg tar sjølvsagt på meg det meste av æra for den eine sigeren etter coaching i verdensklasse i pausen. Resultata var ikkje klar når eg drog, men eg tvilar vel dessverre på om dei gjekk vidare. Det var såpass varmt at eg måtte ta meg ein ny tur til Barrow. Det var såpass varmt at eg svetta så mykje at det ikkje gjekk an å smøre seg med solkrem. På vei heim frå Barrow fekk eg melding frå den eine norske legen som bur her i Bulwayo (dei er eit par, men kona var vekkreist), som eg har truffe ein gong før, med tilbud om å bli med på tur til Matopos National Park dagen etter, laurdag. Det takka eg ja til.

Laurdag morgon kjørte vi halv ni frå sentrum retning Matopos. Nasjonalparken ligg berre ein halvtimes kjøretur frå byen. Der kan ein blant anna sjå Cecil Rhodes si grav, "balancing rocks", utkikkspunkt, dyr og hulemåleri. Det var sistnevnte Jone, som han heiter, hadde tenkt å sjå denne dagen. Han hadde vore der tidlegare, men no hadde han sett seg ut ei hule, Nanke Cave, som han ikkje hadde sett tidlegare. Det var visstnok eit stykke å gå, men den skulle og vere ei av dei beste hulene. Eg synest det hørtes spanande ut. I porten inn til nasjonalparken snakka vi med nokre av vaktene, som sa at det gjekk an å gå dit åleine, men at vi kunne høre nærmare med guidane som skulle vereder vi skulle parkere bilen. Etter eit godt stykke med kjøring gjennom nydeleg landskap kom vi fram til huset der vi skulle parkere, men der var ingen å sjå. Etter litt venting begynte vi berre å gå. Løypa var merka med piler som var tegna på bakken eller med varder. Enkelte stader var det derimot dårleg med merking og vi gjekk litt feil fleire gonger. Men då snudde vi berre tilbake til siste pil og prøvde på nytt. Vi skjønte etter kvart at det var mykje lenger (både i tid og distanse) til hula enn vi hadde trudd. Etter kvart kom vi opp på ein topp og skjønte at vi måtte vere i nærleiken. Men her stoppa oppmerkinga igjen. Etter å ha brukt ein liten time på å drikke vatn og leite etter hula var vi i ferd med å gi opp og snu tilbake. I eit siste forsøk gjekk eg nedover ei lang bergskråning og fann hula. Ein stor opptur etter at vi  begge var litt langt nede i varmen. Hula var stor og måleria mange. Veldig fascinerande og sjå rundt 10000 år gamle teikningar og tenke på korleis dei levde på den tida. Etter ei stund med fotografering og avslapping i den noko kjølege hula begynte vi på tilbaketuren. Det var to småslitne og varme karar som kom tilbake til bilen etter 5,5 timar i sola og naturen. Men det var ein fantastisk tur i storslått natur. Underveis såg vi bavianar, firfisler i alle moglege fargar og steenbok/steinbukk (ein liten antilope-art, om lag 50 cm høg). Kl seks var vi tilbake i byen og eg blei invitert med heim til Jone på middag.

Steenbok



Jone i Nanke Cave




Hula låg godt gjømt i treklynga ganske midt i biletet
Søndag var eg ein tur på treningsstudioet og Barrow igjen (eg drar dit så ofte eg kan når det er så varmt som no) før eg såg ein storkamp frå engelsk Premier League på TV.