søndag 26. januar 2014

Veke 26: Trening og leiking

Første veke tilbake heime i Bulawayo etter ein lang ferie. Det har vore godt å vere tilbake.. :)

Mandag var eg på kontoret for å treffe igjen kollegaene mine og oppdatere meg på kva som foregjekk. Sjefen min var ikkje der akkurat då, så i mellomtida viste eg bilder frå ferien til dei andre på kontoret. Før ferien hadde eg sagt til sjefen min at eg hadde lyst til å prøve å spele fotball for eit lag her nede etter at eg kom tilbake frå ferien. Når han kom til kontoret sa han at eg kunne få trene med Chicken Inn (eit eliteserielag frå Bulawyo) dersom eg ville det. Toppforma var ikkje akkurat inne etter ein lang ferie med mykje reising og nestan seks månader utan fotball, men like greit å hoppe i det når ein får eit slikt tilbod, så vi avtalte at neste dag skulle vi dra i lag på trening. Når det gjeld jobbaktivitetar, så ha skulane her nettopp starta opp igjen etter juleferien (som er lenger her enn i Noreg), så dei er visst ikkje heilt i gang med idrettsaktivitetar enno. Så det virka som sjefen min var meir gira på at eg skulle prioritere treningane med Chicken Inn framfor skulane den første veka i alle fall. (Alle synest det er veldig spanande at eg trener med Chicken Inn. Eg har sjølv sett mange eliteseriekampar her, utan å sjå ein kvit spelar, så dette er potensielt "big news"). Dette var heilt greit for meg.

Så denne veka har eg vore på tre treningar med Chicken Inn. Eg har blitt tatt godt i mot av både spelarar og trenarar. Spelemessig synest eg det har gått bedre enn forventa (forventningane var ikkje så høge etter seks månader utan fotball og så rett på eliteserietrening), men det har vore tungt fysisk. Forma er som sagt ikkje på topp og varme og nye fotballsko som gir gnagsår har ikkje gjort det lettare. Dei er i tillegg i sesongoppkjøring, så det har vore ein del løpetrening. Men eg har kome meg i gjennom alle øktene og ser lysare på den komande treningsveka.

Zimbabwe sitt landslag, the Warriors, (der tre spelarar frå Chicken Inn er med) er for tida med i ei turnering i Sør-Afrika. Turneringa heiter CHAN og er, slik eg har forstått det, for spelarar frå kvart land sine heimlege ligaer. Turneringa går annakvart år og vekslar dermed med African Cup of Nations som er ei større turnering prestisjemessig. I CHAN har Zimbabwe gjort det betre enn alle forventningar og tatt seg heilt til semifinalen (komande onsdag). I kvartfinalen (som dei vann 2-1 mot Mali) slapp dei inn sitt første mål i turneringa! Det kom på overtid, noko som betyr at dei gjekk nestan fire kampar utan å sleppe inn mål. Dette kan tyde på at den Zimbawiske ligaen er blant dei betre i heile Afrika. Zimbabwiske lag har tradisjonelt og gjort det bra i den afrikanske Champions League.

I tillegg har eg klart å få med meg to språktimar, som er nestan like mange som eg hadde frå august til desember. Før jul ga eg beskjed om at eg gjerne ville ha fleire språktimar etter jul, så no har eg fått to på ei veke. No skal riktignok læraren min reise vekk i ein månad, men eg har i alle fall fått litt å øve på i mellomtida. Det er vanskeleg, men veldig kjekt å bruke. Folk lyser opp når eg slår til med ei frase eller to.

På ettermiddagstid i det sola går ned (seks-sju-tida) har eg leika ein del med ungane i nabolaget ute. Når sola har stått på heile dagen er det godt å trekke ut litt når det begynner å bli kjølegare. På kveldane er det fortsatt litt for varmt inne i huset. Det verkar som ungane har sakna meg og eg har sakna dei. Dei er så blide og leikne at ein får mykje ut av å vere i lag med dei, og det verkar dei synest det er veldig kjekt å ha ein kvit fyr i nabolaget som dei kan leike med. Ein dag eg kom litt seint heim sto dei utanfor huset og venta på meg.. :) Vi har leika med klinkekuler, sprunge om kapp og dei har lært meg nokre afrikanske leikar.





I skrivande stund har eit 20-tals personar trykt seg inn i den lille stua vår for eit kyrkjemøte/kyrkjelydsmøte. Og DER begynte møtet med sang og bøn. Slik kan ein søndag i Bulawayo vere.

2 kommentarer:

  1. Chicken inn, for et fantastisk navn!

    SvarSlett
  2. Artig at klinkekulene blir brukte :-) Ekstra kjekt å lese bloggen etter at vi har vore der og sett med eigne auge. Lykke til med både fotballen og jobb.
    Mamma

    SvarSlett