søndag 30. mars 2014

Veke 35

Denne veka har eg gjort litt av kvart. Eg har så vidt begynt å jobbe med den siste eksamensoppgåva som vi skal levere inn før vi reiser heim. Har begynt å lese på pensum (ulike artiklar) og planlagt resten av arbeidet. Eg har valt å skrive om kroppsøving og idrett i skulen her nede, som er det eg har jobba mest med. Jobbmessig har eg fortsatt med gymtimar på dei to skulane som er rett ved der eg bur, noko eg synest er veldig kjekt. Eg og elevane blir og betre kjent med kvarandre ettersom tida går. I tillegg var eg laurdag på ei turnering for funksjonshemma utøvarar. Der var utøvarar som var døve, blinde eller med fysiske handikap. Det blei konkurrert i mellom anna friidrett, fotball og nettball Eg fekk beskjed om at turneringa skulle begynne kl 8. Klok av skade møtte eg opp litt før halv ni. I 10-tida begynte ting å skje og etter litt om og men blei eg sendt til fotballturneringa for døve. Her blei eg med på å velje ut dei beste utøvarane som skulle danne eit felles lag for Bulawayo. Dette var ei kvalifiseringsturnering til den nasjonale turneringa, Zimbabwe National Paralympic Games (ZNPG), som vil føregå i Marondera, aust i Zimbabwe, i april. Så vidt eg veit skal eg og reise til denne turneringa.

I dag, søndag, var eg på fotballkamp på Barbourfields Stadium her i Bulawayo. Der byens store lag, Highlanders, møtte FC Platinum i semifinale i Independence Cup, ein av mange cupar her i Zimbabwe. Highlanders var ikkje god i dag og Platinum var det beste laget gjennom heile kampen. Trass i fleire store sjansar, flest til Platinum, sto det fortsatt 0-0 etter 90 minutt. Då gjekk kampen rett til straffekonkurranse. Her var dei 10 første spelerane sikre som banken frå 11-metersmerket, dermed 5-5 og sudden death. Og sudden death blei det. Ei av Highlanders sine store stjerner sitt forsøk blei redda og Platinum kunne sette inn den siste straffa og sleppe jubelen laus. Dei møter dermed Zimbabwes største lag, Dynamos frå Harare, i finalen den 18.april, Zimbabwes frigjeringsdag.

Været har begynt å bli litt meir behageleg i det siste. Regntida er over, så eg saknar litt regn, men temperaturen ligg stort sett på 24-25 grader for tida. Midt på dag er det fortsatt veldig varmt i sola, medan det er behageleg kjøleg når sola ikkje er oppe.

Elles bruker eg ein del tid på å ta bilder, noko som er veldig kjekt, spesielt her nede der alt er så annleis frå heime i Noreg. Ungane i nabolaget er spesielt glad i å bli tatt bilder, eller video, av.

søndag 23. mars 2014

Veke 27-34: PC- og internettrøbbel

Etter åtte vekers ufrivillig pause vaknar herved bloggen til live att! Årsaken til pausen er, for å gjere ein lang historie kort, at min kjære Mac plutseleg ikkje ville meir og måtte bli sendt til rehabilitering. For å bli heilt frisk att måtte den heilt til Harare for å få seg ein ny harddisk. Etter fem veker kom den tilbake og verka blid og fornøgd heilt til eg introduserte den for mitt kjære internettmodem. Dei gjekk ikkje godt overeins og heldt berre ut med kvarandre i 8,5 minutt i gongen. Eg har prøvd å få dette fiksa stort sett kvar dag dei siste tre vekene, utan at verken Powertel (internettleverandøren) eller ein PC-ekspert har funne ut kvifor det berre funkar 8,5 minutt i gongen. Kort oppsummert har eg altså dei siste åtte vekene hatt dårleg med internettilgang. Det har gått heilt fint, men og vore litt frustrerande til tider. For eit par dagar sidan fekk eg bestilt meg ein router som forhåpentlegvis skal vere løysinga på problemet. I dag er eg på besøk med det norske legeparet som bur her i Bulawayo for å slå av ein prat og få oppdatert bloggen. Hyggelege folk som tek meg like godt i mot kvar gong.. :)

Livet i Afrika stoppar ikkje opp sjølv om internettlivet stoppar opp. Eg har holdt meg opptatt med andre ting. I forrige blogginnlegg skreiv eg at eg nettopp hadde begynt å trene med eit eliteserielag i fotball, Chicken Inn. Det har eg gjort sidan og det har tatt opp det mykje av tida mi, men det har vore veldig kjekt. Det har gått betre og betre sjølv om eg har slitt litt med ein skade den siste tida. Eg fekk først indikasjonar på at dei var interesserte i å signere meg for sesongen, men no vil dei ikkje registrere meg likevel ettersom eg reiser berre to månader inn i sesongen. Dei sa at dersom eg hadde blitt her heile sesongen (til november) ville dei tilbydd meg kontrakt. Det er sjølvsagt eit mogleg alternativ, men det blir nok ikkje noko av ettersom eg ikkje veit kor mykje eg eventuelt får spele. Litt kjedeleg å bli verande her ei stund til for å spele fotball, men å ende opp med å sitte på benken ein heil sesong. Og eg har jo litt lyst heim og.. ;) Det kan hende eg uansett kjem til å fortsette å trene med dei fram til eg reiser dersom eg blir kvitt skaden først. Kjekt å få spelt litt fotball i alle fall!

I tillegg har eg komt i gong med aktivitetar på jobben. Arbeidsgivaren mine her nede gjekk heldigvis god for at eg kunne trene med Chicken Inn, sjølv om det ville føre til at eg ville ha mindre tid til overs til min eigentlege jobb. Men eg føler eg har klart å kombinere dei to på ein god måte og det å trene med Chicken Inn har uansett vore ei bra erfaring både når det kjem til idrett og kultur som eg er her for å oppleve. Eg har gjort det slik at eg har hatt gymtimar om morgonen på skular like i nærleiken av der eg bur, før eg reiser på trening på ettermiddagen. Tirsdagar og onsdagar har eg gymtimar på ein Primary School og fredagar (og av og til torsdagar) har eg gymtimar på ein High School. Det har vore veldig kjekt for både meg og ungane (verkar det som). Det er ei god erfaring å ha gymtimar for opp mot 50 elevar utan noko utstyr til hjelp.

Helga i månadsskiftet januar/februar reiste eg til Livingstone i Zambia for å treffe mi gode venninne Maiken. Ho var i Lusaka i Zambia i ein månads tid for å innhente data til masteroppgåva si. Når vi begge var i Afrika samtidig bestemte vi oss for å møtast på halvveien, nærmare bestemt Livingstone ved Victoria Falls. Vi hadde ei veldig kjekk og vellukka helg i lag. Vi var og såg på Victoria Falls ein dag og på walking safari ein dag, der vi blant anna var under 10 meter frå tre nasehorn. I tillegg traff vi fire av dei norske som er på same prosjekt som meg i Zambia. Vi åt middagar i lag og testa ut Livingstone sitt natteliv.
Maiken klar for walking safari
Walking safari
Victoria Falls

Elles er alt bra heime der eg bur og eg leikar fortsatt ein del med ungane i nabolaget. Dei har allereie sagt at eg ikkje får reise heim i juni. Eg kjem til å sakne dei.


Blessing (til høgre) er eit vandrande smil og min nabo, venn, sladrekjerring, språklærer og gymtimeevaluator. Her med si søster som helst ikkje ville bli tatt bilete av, noko Blessing sjølvsagt syntest var veldig gøy.