mandag 25. november 2013

Veke 17

Denne veka har eg dessverre ikkje hatt nokre aktivitetar på skulane denne veka ettersom eksamensskriving blir prioritert høgare enn idrett. Men veret har heldigvis vore kjølegare (stort sett rundt 20 grader), så då er alt fint. Onsdag var eg på eit forberedande møte om YES-festival kvalifiseringsturneringa som skulle vere på laurdag. Torsdag morgon la eg ut på ein sykkeltur. Eg såg at det var fare for regn, men det var ikkje meg i mot. 10 minutt seinare var eg gjennomvåt og det regna så kraftig som eg aldri har opplevd før. Eg likte det, men eg valde å snu ettersom det var vanskeleg å sykle og lyn på gong. På vei tilbake punkterte sykkelen, så då måtte eg gå. Det var som å gå gjennom ein gigantisk dusj. Veldig deilig. Grusveiane blei forvandla til elver. Vel heime var det berre å vrenge av seg kle og vrenge dei for vatn. Regnet ga seg ikkje, så den dagen var eg for første gong heime heile dagen. Jobba ein del med eksamen, noko eg har gjort fleire dagar denne veka. Den skal leverast seinast 6.desember. Den begynner å ta form og eg satsar på å bli ferdig den komande veka før vi reiser til Masvingo for YES-festival. Laurdag var eg på den nemnde kvalifiseringsturneringa heile dagen. Alle hadde på møtet på onsdag fått beskjed om å møte opp klokka 7. Klok av skade gjekk eg heimefrå 7:15 og var framme 7:45. Då hadde nokre møtt opp, dei fleste ikkje. Ingen spørsmål om kvifor eg var for sein. Ein er sjeldan for sein i Afrika. På programmet for turneringa sto det ingen klokkeslett. Slik er det her. Når det er sagt var det ei fin turnering som var nokså bra organisert. Det heile tok sjølvsagt unødvendig lang tid og eg var ikkje heime før kl 18. Men ungane såg ut til å ha det kjekt, spesielt dei laga som gjekk vidare til nasjonale turneringa i Masvingo, første veka i desember. Eg var med på å vurdere idrettsmappene til kvart av laga, som og tell som ein del av konkurransen. Dette tok mesteparten av dagen, ettersom vi skulle gjennom 21 tjukke mapper, men eg fekk og sett litt på turneringa og tatt nokre bilder.
Mappevurdering
Volleyball
Fotball
"Peer education"-presentasjon
Prisutdeling


Søndag drog eg på serieavslutning i Zimbabwe Premier Soccer League. Highlanders, som har blitt mitt lag, skulle spele heimekamp på Barbourfields Stadium her i Bulawayo mot Shabanie Mine. Før kampen såg toppen av tabellen slik ut:
1. Harare City, 53 poeng, 16 plussmål
2. Dynamos, 51 poeng, 19 plussmål
3. Highlanders, 51 poeng, 16 plussmål
Harare City hadde ein tøff bortekamp foran seg, medan Dynamos og Highlanders hadde på papiret lette heimekampar. Det var dermed duka for ei thrilleravslutning der alle kunne vinne. Men det måtte riktignok ein del til for at Highlanders skulle vinne. Det blei heller aldri den heilt store spenninga for Highlanders sin del. Dei kjørte riktignok over Shabanie Mine, men dårlig utnytting av sjansane og eit tabbemål bakover gjorde at dei vann berre 3-1. Underveis hørte vi at Dynamos leda, så då var alt håp ute. CAPS United - Harare endte 2-2, medan Dynamos vann 2-0. Dermed stakk Highlanders sin erkerival Dynamos av med gullet for tredje året på rad. Dynamos og Highlanders er dei to største laga i Zimbabwe, men Highlanders har ikkje kalrt å vinne gull sidan 2006. Dei har derimot fem andreplassar i løpet av dei ti siste åra. Tabellen blei slik:
1. Dynamos, 54 poeng, 21 plussmål
2. Highlandes, 54 poeng, 18 plussmål
3. Harare City, 54 poeng, 16 plussmål
Ein ganske utruleg sluttabell. Bittert for Highlanders som tapte mot både Dynamos og Harare i løpet av dei fem siste serierundane. Highlanders kunne til og med vunne gullet i siste serierunde. Hadde dei ikkje sluppe inn tabbemålet og scora to mål til, som dei hadde rikeleg med sjansar til å gjere, hadde dei faktisk vunne serien. Førstkomande laurdag skal Highlanders spele cupfinale på heimebane mot How Mine. Får satse på revansj der! Når eg kom heim såg eg at det hadde blitt delt ut eit cupgull i Noreg, så då var det greit.. ;)

Til slutt to fine bilder frå livet i Afrika:


søndag 17. november 2013

Veke 16: For varmt

Denne veka har det vore for varmt til å gjere noko særleg. Sol og rundt 35 grader. Her er det lille eg har gjort. Mandag var eg på kontoret. Tirsdag drog eg til Pumula High. Trudde eg skulle ha fotballtrening, men det skulle dei visst ikkje. Ingen av laga der gjekk vidare til neste kvalifiseringsrunde i YES-turneringa, så då slutta dei visst med fotballtrening. Så då må eg mest sannsynsleg finne meg noko anna å gjer tirsdagar og torsdagar. Samtidig er det berre to veker til eg drar til YES-festival, studieveke og juleferie. Elles har eg slappa mykje av. Er ikkje så mykje anna som fristar i varmen. Eg var på Barrow (offentleg svømmebasseng i byen) dei tre første ettermiddagane i veka for å kjøle meg ned. Det verste med varmen er at det blir så varmt inne i huset der eg bur. På vei heim frå svømmebassenget i det sola er i ferd med å gå ned er det nokså leveleg temperatur. Men så fort eg kjem inn i huset er eg like varm igjen. Det er eit murhus med små vindu (som dei helst ikkje vil åpne på grunn av mygg) og ein høg mur rundt heile huset, så det er ikkje så mykje luft som slepp verken inn eller ut. Det er som å bu i ein hermetikkboks. Kaldt når det er kaldt og varmt når det er varmt. Eg veit ikkje kor varmt det er på rommet mitt på det verste, men i følge yr.no er det eit par-og-tjue grader ute rundt midnatt og det er betydeleg varmare på rommet mitt, så at det er opp mot 30 grader tvilar eg ikkje på. Etter kvart blei eg så lei av mitt varme soverom at eg spurte om eg kunne flytte inn med det norske legeparet som og bur her i Bulawayo for eit par netter. Det skjønte både dei og vertsfamilien min godt, så det var ikkje noko problem. Dei har eit litt luftigare hus med utandørs sitteplassar og ikkje minst svømmebasseng i hagen. Så dei fire siste nettene har eg tilbragt der i godt selskap. Veldig hyggeleg og eg har blitt tatt godt i mot, så stor takk til dei! Det var varmt om nettene der og, men betre enn heime. Eg har i alle fall fått slappa litt betre av i varmen og skrive ein del på eksamensoppgåva mi. Det hadde eg ikkje klart heime. Har til og med tatt eit par joggeturar tidleg på morgonen før det har blitt for varmt. No er eg tilbake i min eigentlege heim og det er godt det og. Den komande veka er det heldigvis meldt kjølegare, faktisk ned mot 20 grader og regn enkelte dagar. Det gledar eg meg til! :)
Min reserveheim når det blir for varmt

mandag 11. november 2013

Veke 15

Veke 15 av totalt 45 (you do the math) besto av mykje av det vanlege og ein uventa tur til Matopos!

Mandag var eg som vanleg på kontoret heile dagen. Jobba stort sett med eigen eksamen.

Tirsdag hadde eg språk-time og fotballtrening på Pumula High School. Begge deler er veldig kjekt og har gått bra så langt. Kjekt å lære og bruke litt ndebele, noko som gjer det enklare å kome i kontakt med lokalbefolkninga. Eg kan slengje ut eit par gloser, så har eg fått nok av merksemd for den dagen. Skulejentelaget eg har trent synest det er veldig kjekt når eg kjem for å trene dei og eg synest og det er kjekt å trene dei.

Onsdag hadde eg for første gong gymtimar på Ngwalongwalo Primary School, som ligg to minutts gange frå der eg bur. Eg hadde tre gymtimar på rad for ei 4., ei 5. og ei 6.klasse. Dei visste at eg skulle kome og var veldig spente. Det gjekk veldig bra med alle klassene og både dei og eg hadde det gøy. Den eine klassa møtte ikkje opp på idrettsplassen til avtalt tid, så eg gjekk til klasserommet for å sjå. Då viste det seg at læraren hadde glømt av det heile. Så hadde eg ikkje vore der den dagen, hadde det kanskje ikkje blitt gym på elevane den dagen.. Seinare på dagen tok eg turen til treningssenteret eg går på og til Barrow, eit offentleg svømmebasseng i sentrum. Barrow er min favorittplass på varme dagar, noko det er nok av for tida. Når eg gjekk inn var det sol og varmt, etter å ha svømt eit par lengder begynte det plutseleg å høljeregne. Regntida har så vidt begynt, det vil seie regnskurar på ettermiddagen/kvelden nokre dagar. Eg gjekk på land for å redde sekken under tak. No var eg så godt som aleine på heile anlegget. Eg blei ståande i det behageleg kjølege regnet og sjå på fem hegrer som bygde reir i eit tre som var meir rosa enn grønt. Kor ofte kan ein stå ute i regnet i Noreg iført kun shorts utan å fryse? Ei eksotisk oppleving.


Torsdag hadde eg nok ei fotballtrening for jentene på Pumula High.

Fredag var eg på turnering på Amhlope High School. Det var ei kvalifiseringsturnering til YES-games som vi skal på i Masvingo i byrjinga av desember. Her deltek skulelag frå Highs Schools i fotball, volleyball og netball (afrikansk versjon av basketball, for jenter). Deltakerane er 12-14 år. I tillegg til idretten må alle laga og gjere ulike samfunnsprosjekt (for eksempel plante tre, plukke søppel o.l.) i løpet av året. Når dei kjem til turneringa leverer dei inn ei mappe som viser kva samfunnsprosjekt dei har gjort, ei mappe som handlar om laget og idretten og ei mappe som handlar om "peer education" (utdanning av deltakerane, med tema som HIV/AIDS, "life skills, o.l.). I tillegg har dei ein presentasjon (dramatisering, song/dans) som skal handle om tema frå "peer education". Alle dei tre mappene og presentasjonen blir vurdert på lik linje med dei idrettslege resultata. Dei beste laga får vidare til neste kvalifiseringsrunde (ein må gjennom tre kvalifiseringsrundar før ein får reise til den nasjonale konkurransen, dette var den andre av tre kvalifiseringsrundar). Ei fin turnering som kombinerar idrett med moralsk arbeid. Eg var med på å vurdere ein del av idrettsmappene, før eg fulgte jentelaget eg har trent i kampane dei spelte. Den eigentlege trenaren deira var ikkje der, så det var flaks at eg var der. Dei tapte to kampar og vann ein. Eg tar sjølvsagt på meg det meste av æra for den eine sigeren etter coaching i verdensklasse i pausen. Resultata var ikkje klar når eg drog, men eg tvilar vel dessverre på om dei gjekk vidare. Det var såpass varmt at eg måtte ta meg ein ny tur til Barrow. Det var såpass varmt at eg svetta så mykje at det ikkje gjekk an å smøre seg med solkrem. På vei heim frå Barrow fekk eg melding frå den eine norske legen som bur her i Bulwayo (dei er eit par, men kona var vekkreist), som eg har truffe ein gong før, med tilbud om å bli med på tur til Matopos National Park dagen etter, laurdag. Det takka eg ja til.

Laurdag morgon kjørte vi halv ni frå sentrum retning Matopos. Nasjonalparken ligg berre ein halvtimes kjøretur frå byen. Der kan ein blant anna sjå Cecil Rhodes si grav, "balancing rocks", utkikkspunkt, dyr og hulemåleri. Det var sistnevnte Jone, som han heiter, hadde tenkt å sjå denne dagen. Han hadde vore der tidlegare, men no hadde han sett seg ut ei hule, Nanke Cave, som han ikkje hadde sett tidlegare. Det var visstnok eit stykke å gå, men den skulle og vere ei av dei beste hulene. Eg synest det hørtes spanande ut. I porten inn til nasjonalparken snakka vi med nokre av vaktene, som sa at det gjekk an å gå dit åleine, men at vi kunne høre nærmare med guidane som skulle vereder vi skulle parkere bilen. Etter eit godt stykke med kjøring gjennom nydeleg landskap kom vi fram til huset der vi skulle parkere, men der var ingen å sjå. Etter litt venting begynte vi berre å gå. Løypa var merka med piler som var tegna på bakken eller med varder. Enkelte stader var det derimot dårleg med merking og vi gjekk litt feil fleire gonger. Men då snudde vi berre tilbake til siste pil og prøvde på nytt. Vi skjønte etter kvart at det var mykje lenger (både i tid og distanse) til hula enn vi hadde trudd. Etter kvart kom vi opp på ein topp og skjønte at vi måtte vere i nærleiken. Men her stoppa oppmerkinga igjen. Etter å ha brukt ein liten time på å drikke vatn og leite etter hula var vi i ferd med å gi opp og snu tilbake. I eit siste forsøk gjekk eg nedover ei lang bergskråning og fann hula. Ein stor opptur etter at vi  begge var litt langt nede i varmen. Hula var stor og måleria mange. Veldig fascinerande og sjå rundt 10000 år gamle teikningar og tenke på korleis dei levde på den tida. Etter ei stund med fotografering og avslapping i den noko kjølege hula begynte vi på tilbaketuren. Det var to småslitne og varme karar som kom tilbake til bilen etter 5,5 timar i sola og naturen. Men det var ein fantastisk tur i storslått natur. Underveis såg vi bavianar, firfisler i alle moglege fargar og steenbok/steinbukk (ein liten antilope-art, om lag 50 cm høg). Kl seks var vi tilbake i byen og eg blei invitert med heim til Jone på middag.

Steenbok



Jone i Nanke Cave




Hula låg godt gjømt i treklynga ganske midt i biletet
Søndag var eg ein tur på treningsstudioet og Barrow igjen (eg drar dit så ofte eg kan når det er så varmt som no) før eg såg ein storkamp frå engelsk Premier League på TV.

søndag 3. november 2013

Statusrapport

Tida flyg og november er her allereie. Det vil seie at eg no har tilbakelagt tre (av ti) månader av mitt eventyr i Afrika. Eg trivst veldig godt, det er spanande å bu i Zimbabwe! Her kjem ein kort statusrapport på dei mest sentrale faktorane ved mitt liv her i Bulawayo:
  • Jobb: Jobbmessig har det, som tidlegare nevnt, gått treigt å kome i gong med aktivitetar på skulane (som er det eg har mest lyst til å drive med), av ulike årsaker. Men det har komt seg veldig (kun takka vere eigen innsats) og eg er no nøgd med arbeidsplanen min. Mandagar er eg på kontoret (har enno til gode å faktisk gjere noko jobbmessig der, dog). Tirsdagar og torsdagar er eg på Pumula High School og har fotballtrening og ndebele(språk)-timar. Onsdagar skal eg denne veka begynne med gymtimar på Ngwalongwalo Primary Shcool. Fredagar varierar mellom møter, turneringar og som oftast ingenting. Det er ikkje akkurat ei 40-timers-veke, men dei aktivitetane eg faktisk gjer er eg veldig nøgd med. Veldig kjekt å ha treningar/aktivitetar for afrikanske born, dei er herlege! Dessutan blir mykje av den ledige tida brukt til eksamensskriving. Eg skal tross alt gjennom 60 studiepoeng i løpet av året i tillegg til jobbinga, så det er alltids noko å gjere.
  • Trening: Eg er ganske avhengig av å få trent, og det har og komt seg veldig. No prøver eg å få trent på ein eller anna måte stort sett kvar dag. Det går mest i sykling i bydelen eller styrketrening på eit treningsstudio i byen. Her har eg og blitt med på aerobic dei to siste laurdagane. 1,5-2,5 timar med intensiv trening. Tungt, men godt! På dei varmaste dagane brukar eg å ta turen til eit stort svømmebasseng i byen. Veldig deilig å få kjølt seg ned og trent på same tid.
  • Mat: Matmessig går det veldig greit, sjølv om middagane eg får heime er veldig lite variert. Men det er absolutt ikkje noko å klage over og heller ikkje noko eg går rundt og tenkjer på. Vi lev i luksus i Noreg!
  • Ver: Veret er heller ikkje noko stort problem. Trur eg har blitt litt meir van med varmen. Det verste er at det blir veldig varmt på rommet mitt på dei varmaste dagane og dermed ikkje så behageleg å skulle leggje seg og sove. Men eg får alltids sove! Heldigvis har det vore færre slike dagar dei siste vekene. På dei mindre varme dagane er jo veret her dessutan meir behageleg enn i Noreg på denne tida. Som for eksempel i dag når temperaturen var nede i 22 grader. Det har og begynt å kome litt regn dei siste to vekene, som og er veldig deilig.
  • Sosialt: Sosialt går det og framover. Omgangskretsen utvidar seg stadig, ettersom dei fleste eg møter vil prate med meg. Enkelte av dei er eg og interessert i å prate med og vi held kontakta. Enkelte andre er eg ikkje så interessert i å prate med og eg prøver å unngå å halde kontakta. Så eg har nok av nummer på mobilen eg kan ringe dersom eg skulle kjenne meg einsam. Noko som ikkje har skjedd hittil, ettersom at eg aldri er åleine. Eventuelt kan eg berre gå rundt i nabolaget med kameraet i handa, då får eg nok av vener (kamera er populært). Her er nokre resultat av det:










PS! Eg har foresten fått tildelt eit ndebele-namn av familien min. Så frå no av går eg under namnet Sipho Goredema. Her er dei fleste ndebele-fornamn ord med ei tyding frå språket. Sipho tyder gåve. Goredema er etternamnet til familien min.