mandag 28. oktober 2013

Veke 13: Sportsveke

Etter ei slapp men kjekk helg i Harare var behovet for å bevege på kroppen stort, så eg bestemte meg for å gjere nettopp det denne veka. Og bevegd meg fekk eg. Aktivitetar eg har gjort denne veka er sykling, svømming, turgåing, styrketrening, fotball, biljard og aerobic. Det har vore godt å kome meir i gang med trening og eg har funne litt fleire treningsarenaer no, slik at det har blitt litt enklare å trene. Denne veka har eg til og med fått erfare regn for første gang sidan eg kom til Arika. Veldig deilig etter nesten tre månader utan. Regn er litt meir behageleg ved 32 grader enn ved 2 grader. I tillegg har eg klart å begynne på den nye eksamensoppgåva som skal leverast inn i byrjinga av desember. Så det har vore ei kjekk veke der det har skjedd mykje.

Jobbmessig hadde eg fotballtrening for eit jentelag på Pumula High School både tirsdag og torsdag. Det var veldig kjekt å ha ansvar for litt aktivitet igjen og det er alltid populært blant elevane når eg kjem for å ha trening. I tillegg hadde eg ein språk-time på same skule på torsdag. Dette var kanskje ikkje mykje til arbeidsveke i norsk målestokk, men her bruker ein visst ein litt annan målestokk. Det er praktisk idrett eg har mest lyst til å drive med og det har i stor grad vore opp til meg sjølv å lage avtalar med dei ulike skulane, noko som ikkje har vore like lett på alle skulane. Men eg er i alle fall nøgd med situasjonen på Pumula High der eg er fast to dagar i veka. Eg har innsett at eg her må seie meg nøgd med mindre enn eg hadde forventa og er det ein dag der det ikkje skjer så mykje, så finn eg heller på andre ting for meg sjølv enn å gå rundt å vere frustrert. Då reiser eg heller inn til byen og jobbar med eksamensoppgåva eller trenar eller slappar av ved bassenget.

Eg har og funne tre snooker-bord på eit hotell i byen (tilfeldigvis det hotellet vi skal bo på når familien kjem på besøk). Det einaste eg har mangla er nokon å spele med. Så eg la igjen telefonnummeret mitt i resepsjonen og sa at dei kunne gi det til ein eventuell motstandar. Ikkje lenge etterpå fekk eg ei melding frå ein Edward som ville spele. Vi avtalte å møtast på onsdag og eg gledde meg til endeleg å få spele snooker igjen. Onsdagen kom og eg møtte opp tidlig og begynte å spele aleine. Etter ei stund kom ein minst 70 år gamal mann inn døra og presenterte seg som Edward. La gå tenkte eg, ein gamal snookerspelar er betre enn ingen snookerspelar. Men det viste seg at han heller ville spele biljard på snookerbordet. Så vi spelte eit par rundar (de kan gjette sjølv kven som vann) før eg gjekk, noko skuffa, heim. Han var ein veldig hyggeleg mann og ikkje så verst, biljardmessig, for alderen, men det var likevel ikkje heilt det eg hadde håpa på.

Søndag var det klart for årets kamp, "The Battle of Zimbabwe", i Zimbabwe Premier Soccer League. Highlanders frå Bulawayo mot erkerivalen Dynamos frå Harare. Før kampen låg Highlanders på toppen av tabellen, to poeng foran nettopp Dynamos. Det var ekstra mykje liv i byen heile dagen på grunn av kampen og stadion var full (16500 tilskodarar) lenge før kampstart. Det blei ein tett og spanande kamp og ein kunne merke at mykje stod på spel for begge lag. Etter ein situasjon midtvegs i første omgang fekk ein speler frå kvart lag raudt kort. Dette var ingen av laga nøgd med og støtteapparat frå begge lag storma bana og det meste var kaos. Politiet storma etter og fekk roa gemyttane. Begge lag hadde gode sjansar til å ta leiinga, men ingen makta å få ballen i mål. I andre omgang pressa Highlanders meir og meir på, utan uttelling. Det såg lenge ut til å ebbe ut med null-null i ein kamp ingen av laga hadde råd til å tape. Men fem minutt før slutt fekk Dynamos straffespark! Det blei satt sikkert i mål og då tok det av blant dei mange Dynamos-supporterane og på Dynamos-benken. 0-1 blei og sluttresultatet, noko som betyr at Dynamos passerte Highlanders på toppen av tabellen med eitt poeng med fire rundar igjen å spele. To andre benytta og sjangsen til å blande seg inn i gullkampen. Ein skuffande dag for alle Highlanders-fans (meg sjølv inkludert), samtidig var det ein av dei beste fotballkampane eg har vore på. Veldig kjekt med spenninga og stemninga på tribuna. Etter kampen venta vi ein liten time inne på stadion før vi gjekk ut for å unngå å havne i ein slåsskamp, noko som tydelegvis er standard affære etter desse kampane.
Highlanders-fansen godt i gang før kampstart
Kameramannen er på plass

Felles bønn før kampstart
Raudt kort til begge to...
...og kaoset er i gang!
Ein hissig Highlanders-fan etter kampslutt
Dei på øvste rad følg med på slåsskampen utanfor
Tatt av politiet


mandag 21. oktober 2013

Veke 12

Mandag brukte eg til å planlegge juleferien min. Det meste er no i boks og den ser slik ut:
- 15.-22.desember: Cape Town
- 23.-29.desember: Zimbabwe (Bulawayo, Hwange (safari) og Vic Falls)
- 30.desember-ca 6.januar: Roadtrip i sør-øst-Arika
- Ca 7.januar-18.januar: Mosambik
Dei to første punkta blir i lag med familien som kjem på besøk, medan dei to siste punkta blir i lag med eit par av dei andre norske som er på same program som meg. Dette gledar eg meg veldig til!

Tirsdag var eg i eit møte der representantar frå forskjellige organisasjonar diskuterte ulike tema knytta til enkelte idrettsarrangement i Zimbabwe.

Onsdag var eg på fotballkamp: Highlanders (det beste laget i Bulawayo) mot Tripple B (eit botnlag), eit oppgjer i Zimbabwe Premier Soccer League. Eg var der i lag med nokre frå SRC (Sports & Recreasion Commission, organisasjonen eg jobbar for) og Bjørn, som er ein av dei andre idrettsfrivillige her i Zimbabwe. Han bur i Tsholotsho som er om lag to timar frå Bulawayo. Ein underhaldande kamp med mykje offensiv fotball endte med 4-1-siger til Highlanders, som med det overtok tabelltoppen frå erkerival Dynamos frå Harare. Komande helg møtast nettopp Highlanders og Dynamos til viktig toppoppgjer her i Bulawayo. Dynamos ligg no to poeng bak Highlanders med fem kampar igjen av sesongen. Det blir garantert full stadion, spenning og mykje liv. Denne kampen skal eg få med meg!

Torsdag reiste eg til Harare. Helga blei brukt til work-shops/møter der i lag med koordinatorane frå dei ulike provinsane, dei andre norske frivillige i Zimbabwe og representantar frå NIF. Møta var nokså kjedeleg (og lange, så klart) for oss frivillige, ettersom emna dei tok opp først og fremst var relevant for koordinatorane våre, men sett bort i frå det var det ei veldig bra helg. Det var kjekt å vere i nye omgivnader, bo på hotell, treffe dei andre frivillige, treffe representantane frå NIF, snakke norsk og ete god mat. Vi budde på nydelege Hotel Bronte, så vi fekk nyte luksusen ein er så van med i Noreg (for eksempel dusj, store fine rom og god og variert mat og drikke).

søndag 13. oktober 2013

Veke 11: Forkjølelse og norske innslag

Starten på veke 11 (av 45) blei prega av forkjølelse. Eg tok det roleg i senga mandag og tirsdag, noko som var nokså kjedeleg. Men det finst verre ting i verda enn forkjølelse, så det gjekk raskt over.

Onsdag var eg tilbake på kontoret og skreiv quarterly report, ei oppsummering om korleis opphaldet har vore så langt, som skal sendast til NIF og SRC (Sports & Recreation Commission).

Torsdag var eg på work-shop på ein skule, noko dei er veldig glad i her nede. Det er eigentleg eit møte, men her kallar ein det work-shop. Det var eit informasjonsmøte der vi frå SRC informerte personar frå ulike skular om YES-festival, som vi skal på første veka i desember. Den einaste arbeidsoppgåva eg fekk var å skrolle nedover på overhead-presentasjonen medan møtet gjekk sin gang. Det var eigentleg greit nok, men ikkje akkurat vekas høgdepunkt i og med at det var tredje gong på ei veke at eg var vitne til det same, identiske møtet.

På torsdag traff eg Andrea og Tore, to sunnmøringar, i Bulawayo! Andrea er ein av dei andre idrettsfrivillige og bur i Harare. Tore er kjærasten og var på besøk. Dei hadde vore på ferietur til Vic Falls og på safari i Hwange og stakk innom Bulawayo på veg tilbake til Harare. Vi åt lunsj i byen og etterpå blei dei med og såg korleis eg budde. Veldig kjekt å treffast, snakke norsk (les: sunnmørsk) og utveksle erfaringar.

Fredag skjedde det ikkje stort.

Laurdag var eg på treningsstuio i byen (godt å få trent) og på Water World i lag med familien (godt å få kjølt seg ned i varmen). Eg har blitt ganske god på å kurere bade- og sklieskepsisen til både brødrene og far min. Dei er ikkje van med verken å svømme eller å skli ned frå store høgdar, ettersom her verken er vatn eller høgdar. Men etter litt medhårs overtaling hadde vi det til slutt gøy i lag alle mann.

Søndag var eg invitert på middag til eit norsk legepar som bur her i Bulawayo. Vi fekk vite om kvarandre gjennom den norske ambassada. Dei flytta hit i juni og skal bu og jobbe som legar her i to-tre år. Dei budde i eit stort fint hus i Hillside. Eg fekk servert god mat og drikke og vi satt ute og prata lenge om korleis det er å vere ferske nordmenn i Bulawayo. Veldig hyggelege folk som eg nok vil treffe igjen.
Is til 60 øre er fint!

søndag 6. oktober 2013

Veke 10: Kjølig ver og fotballdebut

Seint søndag kveld kom det skyer og eit kraftig tordenver innover Bulawayo. Stilig å sjå korleis lyna lyser opp eit mørkt nabolag når strømmen er vekke og deilig å ligge i senga og høyre på tordenskralla. Det regna og ein del i løpet av natta, men eg har framleis til gode å SJÅ ein regndråpe sidan eg kom til Afrika. Eg gledar meg til regntida startar. Mandag var det plutselig direkte kjølig (under 15 grader). Eit temperaturfall på over 20 grader på to dagar ville vel blitt karaterisert som drastisk til og med i Noreg. Afrikanarane syntest sjølvsagt det var iskaldt og kledde på seg huer og boblejakker. Eg elska det! Det som er så fint med kulde er at ein kan regulere temperaturen ved å ta på seg meir eller mindre kle. Når det er varmt og eg har på meg shorts og singlet og eg allereie svettar, er det ikkje så mykje ein kan gjere med det, i alle fall ikkje her. Når det er sagt har ikkje varmen vore eit stort problem, men ein kan bli litt lei av den. Eg saknar norsk haust, sjølv om eg om eit år sikkert kjem til å savne varmen litt og. Det verste er når det er varmt på rommet når eg skal sove. Det er ikkje noko særleg å begynne å svette når ein legg seg ned for å sove. Problemet med murhusa her er at når det er varmt ute blir det glovarmt inne, og når det er kaldt ute blir det iskaldt inne. Så mandag og tirsdag var det fram med flisteppe på sofaen foran TV'n. Deilig! Temperaturen har stige jamt utover i veka og no er den tilbake rundt 30 grader. Ei behageleg veke, temperaturmessig.

Torsdag fylte broren min, Stan, 10 år. Eg hadde forventa eit bursdagsselskap, eller i det minste ei kake, men eg har enno ikkje sett noko til verken selskap eller kake. Han hadde riktignok fått med seg ei innkjøpt kake på skulen og han hadde faktisk spart eit stykke til meg. Men når han og broren, Felix (8 år), kom heim frå skulen eit par timar før meg, hadde det siste kakestykket blitt for fristande. Så når eg kom heim forklarte han at han hadde spart eit stykke til meg, men at det hadde oppstått eit lite problem. Pedagogisk utdanna som eg er, sa eg at det ikkje gjorde noko, sjølv om eg hadde lyst på eit kakestykke. Foreldra hadde snakka om å ha bursdagsselskap eller å gå ut på restaurant og ete middag, men når ein ikkje klarer å planlegge 10 minutt fram i tid, kan ein ikkje forvente å klare å planlegge ei bursdagsfeiring. Han fekk i alle fall ei gåve frå meg: ein ball, ein shorts og litt godteri. Verdien på gåva var om lag 60 kroner og han blei veldig glad. Han fekk i tillegg ei gåve frå ein av hundane våre: om lag 10 kvalpar. Denne gåva gjorde han kanskje enno gladare, sjølv om eg trur dei skal bli selt.

Laurdag hadde eg blitt invitert til å spele fotball med ein kompisgjeng, av ein tilfeldig fyr eg møtte i byen som sa at eg såg ut som ein som kunne spele fotball. Eg bekrefta at det kunne eg. Eg fekk beskjed om at dei skulle møtast kl ett. Eg møtte opp på avtalt stad ti over ett (eg var sjølvsagt litt forsinka ettersom far min skulle kjøre meg dit), men der var ingen å sjå. Eg ringte den tilfeldige fyren for å høre kor han var. Han var i byen, men skulle kome om ein halv time. Heldigvis var det ein pub rett ved bana, så eg fekk spelt litt biljard medan eg venta. Etter kvart begynte folk å dukke opp, til og med den tilfeldige fyren. Eg trudde at vi då skulle begynne, men då skulle vi i staden sette oss ned og sjå litt engelsk fotball. Greit nok. Rundt halv tre begynte det å skje ting og eg fann fort ut at det eg trudde var ein kompisgjeng som skulle spele fotball mot kvarandre, viste seg å vere eit lag som skulle spele kamp mot eit anna lag. Eg fekk utdelt drakt nr. 6 og var klar for debut for Tredgold FC. Eg fekk tilnavnet Rooney og ansvaret for oppvarminga. Motstanderlaget begynte med ballen og om lag åtte sekund seinare sørga Rooney for 1-0 til Tredgold FC. Ein grei start (eg bør vel her nevne at nivået ikkje var det heilt store). Kampen gjekk sin gang og mine nyinnkjøpte, medium-kvalitets fotballsko sørga i samarbeid med det varme jordunderlaget for at eg utvikla gnagsår og blemmer på undersida av føtene. Men eg fekk i alle fall sørga for ein 2-0-ledelse før eg måtte gi meg i pausen. Eg forlot åstaden og veit enno ikkje sluttresultatet. Eg seier meg nøgd med min debut i zimbabwisk fotball, men eg trur eg skal sikte meg inn på eit litt høgare nivå for ein eventuell kamp nr. to.

Jobbmessig har det gått mykje i det vanlege. Litt aktivitet på nokre skular, to unødvendig lange møter og nokre avtalar som har gått i vasken.

Eg beklagar det bildefattige innlegget, men eg er litt forsiktig med kor eg tar med meg kameraet. Til gjengjeld har eg oppretta ein Instagram-profil (@sigveror), der eg etter kavrt vil legge ut nokre av dei beste bilda.

God natt!