torsdag 12. juni 2014

The end

Mitt Afrika-eventyr er over, for denne gong, og det er på tide å oppsummere og konkludere. Men korleis kan ein oppsummere ti månader i Afrika? Det er ikkje så lett. Eg har opplevd, lært og sett meir enn eg kan klare å skrive ut i ord her. Eg vil i alle fall anbefale alle å ta seg ein tur til Afrika, enten om det er på eit idrettsprosjekt eller på ferie. Der er ei utømmeleg kjelde av interessante stadar, folk og dyr å sjå. Eg trur ikkje du kjem til å angre på det. Personleg kan eg og anbefale Idrettens Fredskorps. Opplegget frå NIF si side er veldig bra, du vil lære og oppleve mykje meir enn du kan gjere på eit år i Noreg og du får satt ting i perspektiv. Det siste er ein klisje, men det er sant. Eg trur ikkje det var mange av de som les denne bloggen no, som tenkte over i dag tidleg kor fint det var med vatn i springen eller som stoppa opp ved kjøleskapet for å tenke over det enorme utvalget som møtte deg i døra. Det gjorde ikkje eg heller for eit år sida. Men i dag gjorde eg det.

Eg likar betre å oppsummere med bileter enn i ord, så eg har laga ein film med bileter frå Afrika, som viser nokre av minnene eg sit att med etter ti månader i Zimbabwe og Afrika:

https://www.youtube.com/watch?v=-EPF6tQO5-U&feature=youtu.be

Eg vil og nytte høvet til å takke
- NIF for eit bra opplegg
- Alle i Idrettens Fredskorps for kjekt reisefølge
- Reisesekken min som etter å ha vore med meg på alle skuledagar og reiser i meir enn 11 år fortsatt nektar å pensjonere seg.
- Min norske familie som har prata med meg på Skype og komt på besøk
- Min afrikanske vertsfamilie for å ha vore nettopp det, min familie
- Alle mine små afrikanske venar for å ha halde humøret mitt på topp i ti månader

tirsdag 10. juni 2014

Veke 45/45: Harare --> Johannesburg --> Sjøholt

På mi ferd heim til storbyen Sjøholt har eg vore innom storbyane Harare og Johannesburg. Mandag reiste eg til Harare i lag med koordinatoren min frå Bulawayo, Simba. Tirsdag hadde vi sluttevaluering av utvekslingsprogrammet i lag med dei to frå Zimbabwe som har vore i Noreg, ein frå Tanzania som og har vore i Zimbabwe og representantar frå organisasjonen vi høvesvis har blitt sendt av og jobba for, SRC (Sports and Recreation Commission). Kjekt å treffe alle igjen og få sagt farvel og eg følte vi hadde ei god evaluering som forhåpentlegvis kan gjere programmet enno betre i framtida. Vi hadde evalueringa på nydelege Harare Safari Lodge. Vi satt i ei åpen hytte og diskuterte og evaluerte medan ein sebra, ei to meter lang øgle og ein haug med apekattar luska rundt om kring. Når vi hadde pause sprang apekattane inn i hytta, stal drops, sprang opp i trea igjen, åpna plastikken på dropsa lett som ingenting og satt seg ned og naut belønninga. Diverre glømde eg å ta med meg kameraet.

Onsdag reiste eg vidare til Johannesburg for å slappe av litt for meg sjølv før eg skulle reise heimatt. Torsdag var eg på apartheidmuseet og ein tur til Soweto. Begge deler var veldig interessant. Soweto er ein stor, samansatt, historierik, fasinerande og ikonisk bydel i Johannesburg med om lag 1,3 millionar innbyggarar.
Apartheid-museet
Apartheid-museet
Apartheid-museet
Apartheid-museet
Orlando Towers, Soweto
Hector Pieterson Memorial, Soweto. Hector Pieterson blei drept av politiet under ein demonstrasjon mot apartheid-regimet i 1976, berre 13 år gamal. Eit bilete frå hendinga (som de kan sjå i bakgrunnen) og Hector sjølv har i ettertid blitt eit ikon på kampen og mostanden mot apartheid.
FNB Stadium, Soweto
På fredag traff eg dei sju norske som har vore i Zambia på flyplassen i Johannesburg. Kjekt å treffe dei att og å reise i lag heim att. Etter meir enn 30 timar på fly og flyplassar landa eg på Vigra der eg blei møtt med norske flagg av familien. Nok eit fint gjensyn! Noko av det første eg merka når eg kom ut av flyplassen var den friske gode lufta. Elles var det kjekt å sjå norsk natur att og å ete norsk mat. Allereie søndag måtte eg ha meg ein liten fjelltur og seinare på dagen var vi på middagsbuffet med mykje god norsk mat. Det var trist og rart å resie frå Bulawayo og Zimbabwe, og det har vore kjekt og rart å kome heim til Sjøholt og Noreg.
Heimbygda Sjøholt
Halve familien

torsdag 5. juni 2014

Veke 44: Farvel Bulawayo

Forrige veke brukte eg til å seie farvel til alle eg har blitt kjend med etter over ni månader i Bulawayo. Eg har hatt mine siste gymtimar i Afrika og sagt farvel til alle klassene eg har hatt, som eg har hatt det mykje gøy med. Eg har vore på mine siste aerobic- og styrketimar på treningsstudioet og sagt farvel til dei som jobbar der, som eg har svetta mykje i lag med. Eg har sagt farvel til mine venar frå fotballaget Chicken Inn, som eg har slått mange pasningar med. Eg har sagt farvel til dei på kontoret (SRC), som eg har jobba mykje i lag med. Laurdag var eg på avskjedslunsj med mine to norske vener, legeparet Jone og Gunn, som eg har ete mange gode middagar og vore på mange turar med. Og sist men ikkje minst måtte eg søndag og mandag morgon ta farvel med dei som har stått meg nærast i mi tid i Bulawayo: vertsfamilen min og alle mine små vener i nabolaget. Familien min tok meg godt i mot fra dag 1, har gjort heile opphaldet enklare og betre for meg og har vore nettopp det: familien min. No har eg ein familie i Noreg og ein i Zimbabwe. Søndag ettermiddag stelte dei i stand ein stor avskjedslunsj for meg, der dei inviterte slektningar og ein del ungar frå nabolaget. Vi var om lag 30 stk som åt god mat og dansa. Når det gjeld ungane i nabolaget har eg sett dei så godt som kvar dag og vi har leika mykje i lag, sykla/gått turar i lag, eg har hjulpe dei med lekser, vi har vore i kyrkja i lag, eg har tatt utallige bileter av dei og eg trur ryggen min har blitt sterkare i løpet av året etter å måtta bært på fleire og fleire av dei. Vi har blitt veldig knytt til kvarandre. For min del har smila, gleda, leikinga og latteren deira gitt meg mykje i seg sjølv. Dei blei felt nokre tårar søndag kveld og eg skal innrømme eg hadde ein klump i halsen sjølv. Eg saknar dei allereie.

Det er veldig rart å reise frå ein plass som er så langt vekke etter så lang tid, når eg har budd så tett på og blitt kjent med så mange folk. Eg har trivest veldig godt og eg kjem nok til å sakne det i lang tid framover. Eg må tilbake ein gong, så eg kjem nok til å sjå ein del av dei att, men samtidig veit eg at det er mange av dei eg mest sannsynlig aldri ser att.

Her er nokre bilete frå avskjedslunsjen søndag: