søndag 25. august 2013

Veke 4: Youth Games

Denne veka har vi som skal vere i Zimbabwe vore på Zimbabwe National Youth Games (ZNYG) i Bulawayo. Dette er eit stort idrettsarrangement for ungdom under 20 år. Kvar av dei ti provinsane i landet stiller med lag i fotball, volleyball, handball, basketball, boksing, friidrett, tennis og nettball (afrikansk versjon av basketball). Veldig bra arrangement der mange ungdommar samlast for å konkurrere og ha det kjekt i lag. Vi har vore så heldig at vi stort sett heile veka har fått reist rundt for å sjå dei kampane vi ville. Denne veka her vi budd på Khumalo Hotel her i Bulawayo. Må også nevne at min provins, Bulawayo, sjølvsagt stakk av med samanlagtseieren.. :P Her er nokre høgdepunkt i bilder:


Åpningsseremoni
Leikande ungar
Åpningsseremoni
Musikk = dansing
Musikk = dansing
Volleyball
Volleyball
Basketball
Basketball
Boksing
Boksing
Høgdehopp
Stafett
Fotball, stang-ut i straffesparkkonkurranse

Fotball

I dag, søndag, skal eg flytte inn med min vertsfamilie for dei neste ni månadane. Veit ikkje så mykje om dei enda, så det vert ein spanande bursdag.. :)

torsdag 22. august 2013

Dag 19-21: Lusaka-Harare-Bulawayo

Torsdag (15.) gjekk turen fra Lusaka retning Harare. Zimbabwe-gjengen (Eg, Bjørn, Andrea, Amon (sør-sør-frivillig fra Tanzania) og koordinator Lynette (Marte var sjuk og måtte kome seinare)) tok taxi frå hotellet kl 8. Etter litt tid i rushtrafikk kom vi fram til busstasjonen som var rimelig full av både bussar og folk. Til slutt fann vi bussen vår, som sjølvsagt ikkje var klar til oppsatt avgang (ref. "African time"). Etter å ha stroppa bagasjen fast til taket, trykt rumpa ned i det smale setet og jaga ut selgerane som tilbydde alt fra brus til sko, satte vi kursen mot grensa.
Andrea, meg, Bjørn og Amon
Bussen

Einaste stoppet før grensa var ein kjapp tur på ”bush-toilet”. Når vi kom tilbake frå bushen var bussen forsvunne. Den hadde kjørt eit stykke vidare for veging, så vi måtte gå eit stykke for å komme med bussen. Men det var eigentleg heilt greit å få bevegd litt på beina, det var nemleg umogleg inne på den trange og stappfulle bussen.

På grensa måtte vi gjennom diverse papirkontrollar og bagasjekontroll. Det tok vel rundt to timar og var ganske varmt. Bavian-besøk gjorde ventinga litt betre.




Like etter grensa såg vi og ein elefant på det som likna ein skuleplass. Etter dette blei det ein lang, humpete og svett kveld inn mot Harare. Ein nydeleg solnedgang, markbrenning i stor skala i mørket og min kjære i-pod hjalp til å halde humøret oppe. Til slutt kom vi fram til Harare i 22-tida og enda litt seinare til hotellet, rimeleg slitne heile gjengen.

Fredag hadde vi heile dagen i Harare. Den blei brukt til å besøke den norske ambassaden, besøke hovudkontoret til SRC (Sports and Recreation Commission, organisasjonen vi skal jobbe under, tilsvarar Idrettsforundet i Norge) som låg på nydelege Zimbabwe National Sports Stadium og diverse innkjøp av nødvendige ting. I tillegg fekk vi slappa av litt på hotellet, Hotel Bronte, eit fantastisk hotell av bra standard og fine hagar.
Hotel Bronte
Zimbabwe National Sports Stadium

Laurdag gjekk turen vidare til Bulawayo. Nok ein lang tur, men denne gongen kjørte vi bil med vår andre koordinator, Sheppard, så no gjekk det litt raskare og vi fekk styrt stoppa sjølv. Vi starta i 12-tida og var framme rundt 21.
Born med varer til sal, på vei til Bulawayo

Denne veka er vi i Bulawayo på Youth Games (ZNYG, Zimbabwe National Youth Games). Det er veldig kjekt, meir om det seinare.

onsdag 14. august 2013

GO

Tenkte å oppsummere General Orientation i bileter (og litt tekst). Dette har vi gjort:

  • Forelesningar, gruppearbeid, leikar, o.l. der vi har vore innom tema som kulturskilnader, sportsorganisasjonane vi skal jobbe i, sikkerheit, HIV/AIDS, barnerettigheiter og bli-kjent-leikar for å nevne noko.
Leik
Forelesning med Mwape 
Gruppepresentasjon
  • Fysisk aktivitet. Dei fleste morgonane, og nokre ettermiddagar, har det vore frivillig fysisk aktivitet. Som oftast fotball og styrketrening. Kjekt! :)
Fotball
Styrketrening kl 6
Loveness showing some skills
Fotball i solnedgang
Bjørn showing some skills
Markus showing some skills
Fotball
Rugby
Ruben, rugby
Anita og Mats legger taktikken
Sirkeltrening i soloppgang
  • Sett fine ting:
Hagen
Solnedgang
Solnedgang
<3
  • I tillegg har vi gjort mykje sosialt på kveldane som kortspel, middag på restaurant og to dagar på byen, men dette har eg ikkje bilder av. Må seie at det er meir liv på uteplassane her enn i Noreg!
  • Til slutt må eg fortelje litt om høgdepunktet for min del: Community Visit. I går, tirsdag, reiste vi i to grupper til to ulike bydelar her i Lusaka der vi skulle ha ei fotballøkt for ei gruppe med ungar. Vi var ca ti frivillige som skulle ha ei økt med ein fotball for eit uvisst antall ungar av uviss alder. Det var med andre ord ei utfordring å skulle planlegge ei slik økt, men den gjekk over all forventning! Dei var ca 30 ungar fra ca 5-12 år og vi klarte fint å improvisere og samarbeide underveis. Veldig kjekt å sjå ei slik idrettsglede til trass for mangel på utstyr, vatn og skikkelig bane. Bileta seier sitt:


"Cars in the garage"

"Snipp og snapp"



Min romkamerat Ivan fra Uganda


Markus og Ruben

Kamera er populært
Ida i midten

Må innrømme at det er litt vemodig at GO er over. Har hatt det veldig kjekt og ein del av folka vil eg aldri sjå igjen, medan dei norske vil eg treffe igjen i Cape Town i desember. I morgon reiser vi som skal til Zimbabwe (fire norske + ein fra Tanzania + vår koordinator Lynette fra Zimbabwe) med buss til Harare, ein tur som angivelig vil ta mellom 6 og 10 timar avhengig av trafikk, veiarbeid og grensekontroll. Der skal vi være i to netter før turen går til Bulawayo på laurdag, der vi skal få med oss Youth Games (nasjonalt idrettstevne for unge) som varer i ei veke. Først etter dette skal vi flytte inn med vertsfamilien (som eg ikkje har fått info om enda). Så det er spennande tider i møte! Vil nok sakne noko, samtidig som eg gleder meg til alt eg vil oppleve.

GO-gjengen