søndag 30. mars 2014

Veke 35

Denne veka har eg gjort litt av kvart. Eg har så vidt begynt å jobbe med den siste eksamensoppgåva som vi skal levere inn før vi reiser heim. Har begynt å lese på pensum (ulike artiklar) og planlagt resten av arbeidet. Eg har valt å skrive om kroppsøving og idrett i skulen her nede, som er det eg har jobba mest med. Jobbmessig har eg fortsatt med gymtimar på dei to skulane som er rett ved der eg bur, noko eg synest er veldig kjekt. Eg og elevane blir og betre kjent med kvarandre ettersom tida går. I tillegg var eg laurdag på ei turnering for funksjonshemma utøvarar. Der var utøvarar som var døve, blinde eller med fysiske handikap. Det blei konkurrert i mellom anna friidrett, fotball og nettball Eg fekk beskjed om at turneringa skulle begynne kl 8. Klok av skade møtte eg opp litt før halv ni. I 10-tida begynte ting å skje og etter litt om og men blei eg sendt til fotballturneringa for døve. Her blei eg med på å velje ut dei beste utøvarane som skulle danne eit felles lag for Bulawayo. Dette var ei kvalifiseringsturnering til den nasjonale turneringa, Zimbabwe National Paralympic Games (ZNPG), som vil føregå i Marondera, aust i Zimbabwe, i april. Så vidt eg veit skal eg og reise til denne turneringa.

I dag, søndag, var eg på fotballkamp på Barbourfields Stadium her i Bulawayo. Der byens store lag, Highlanders, møtte FC Platinum i semifinale i Independence Cup, ein av mange cupar her i Zimbabwe. Highlanders var ikkje god i dag og Platinum var det beste laget gjennom heile kampen. Trass i fleire store sjansar, flest til Platinum, sto det fortsatt 0-0 etter 90 minutt. Då gjekk kampen rett til straffekonkurranse. Her var dei 10 første spelerane sikre som banken frå 11-metersmerket, dermed 5-5 og sudden death. Og sudden death blei det. Ei av Highlanders sine store stjerner sitt forsøk blei redda og Platinum kunne sette inn den siste straffa og sleppe jubelen laus. Dei møter dermed Zimbabwes største lag, Dynamos frå Harare, i finalen den 18.april, Zimbabwes frigjeringsdag.

Været har begynt å bli litt meir behageleg i det siste. Regntida er over, så eg saknar litt regn, men temperaturen ligg stort sett på 24-25 grader for tida. Midt på dag er det fortsatt veldig varmt i sola, medan det er behageleg kjøleg når sola ikkje er oppe.

Elles bruker eg ein del tid på å ta bilder, noko som er veldig kjekt, spesielt her nede der alt er så annleis frå heime i Noreg. Ungane i nabolaget er spesielt glad i å bli tatt bilder, eller video, av.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar