søndag 6. april 2014

Veke 36: To månader att

I dag er det nøyaktig to månader til eg set meg på flyet heim til Noreg. Etter åtte månader i Afrika kjennes det ut som lite med berre to månader att. Og eg byrjer å innsjå kor rart det vil bli å reise herifrå. Etter å ha budd på ein stad i åtte (eller ti) månader blir ein særs knytt til både staden og folka, særskilt når ein har budd "åleine" i ein tettbudd afrikansk bydel, der ein lev tett på både familie og naboar. Eg vil i alle fall sørge for å nyte dei siste to månadane på best mogleg vis.

Eit eksempel på dette er at eg laurdag blei med ein nabofamilie i kyrkja på gudsteneste. Dette er ein familie eg har blitt meir og meir kjend med, spesielt borna, som eg leikar ein del med. Yngstedottera i huset kjem springande for å halde meg i handa kvar gong ho ser meg. Faren inviterte meg med til kyrkja, og det verka som dei var særs spente på at eg skulle bli med. Eg var ikkje ekstremt gira på ein tre-fire-timars gudsteneste som føregjekk hovudsakleg på eit språk eg ikkje forsto så mykje av, men eg blei med for opplevinga og for å kunne bli betre kjent med dei. Og eg angra ikkje på det. Det var ei kjekk oppleving og dei er særs hyggelege og kjekke folk. Etter gudstenesta blei eg invitert med heim til dei og fekk servert ein god lunsj.
Familien som inviterte meg med i kyrkja
Elles har eg jobba ein god del denne veka. Eg har hatt gymtimar tirsdag og onsdag på borneskulen der eg jobbar. Eg prøvde å få den eine gymlæraren til å ta nokre bilder av meg i aksjon og eg viste han korleis han skulle bruke kameraet. Etter gymtimane sa han at han hadde tatt mange bilder. Eg sa flott, då kan eg berre slette dei eg ikkje vil ha. Når eg kom heim viste det seg at han hadde tatt null bilder. Eg trur eg må prøve meg på ein enno grundigare kamerainstruksjon neste veke. Torsdag var eg med på idrettsdag på High Schoolen der eg jobbar. Dei fleste skulane har ein eller to idrettsdagar i veka, der ein avsluttar med to timar med ballsportar. Ein har og skulelag i dei ulike ballsportane. Fredag hadde eg fire gymtimar på same skule. Eg introduserte dødball (som ikkje er kjent her) med stor suksess.

I dag har temperaturen dalt litt og det har vore rundt 20 grader, overskya og litt vind. Dei lokale synest det er kaldt, eg synest det er kjøleg og deilig. Det går mot vinter her, så det spørs om eg må grave fram ei bukse og ein genser frå nederst i sekken eg reiste med frå Noreg snart.. ;)
Den beste vermeldinga eg har sett på ei stund, ettersom eg har lengta etter litt kjølegare ver i nokre månader no.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar