lørdag 3. august 2013

Idrettens Fredskorps

Dei neste 10 månadene skal eg jobbe for Norges Idrettsforbund som idrettsfrivillig i Sports And Recreation Commission (Zimbabwe sitt svar på Idrettsforbundet) i Bulawayo, Zimbabwe. Vi er 11 norske som reiser nedover og skal jobbe ulike stader i Zambia og Zimbabwe. I tillegg skal vi ta eit årsstudium gjennom Norges Idrettshøgskole som heiter Idrett, Kultur og Utviklingssamarbeid, medan vi er i Afrika. Heile opplegget vert finansiert av Fredskorpset, ein organisasjon som har mange ulike utvekslingsprogram. Fredskorpset ligger under UD og mottar pengar gjennom statsbudsjettet. For meir info om programmet sjå her: http://www.idrett.no/tema/internasjonalt/utviklingssamarbeid/Sider/idrettensfredskorps.aspx

Her kan du følge mitt liv som Idrettsfredskorpser i Zimbabwe! :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar