torsdag 22. august 2013

Dag 19-21: Lusaka-Harare-Bulawayo

Torsdag (15.) gjekk turen fra Lusaka retning Harare. Zimbabwe-gjengen (Eg, Bjørn, Andrea, Amon (sør-sør-frivillig fra Tanzania) og koordinator Lynette (Marte var sjuk og måtte kome seinare)) tok taxi frå hotellet kl 8. Etter litt tid i rushtrafikk kom vi fram til busstasjonen som var rimelig full av både bussar og folk. Til slutt fann vi bussen vår, som sjølvsagt ikkje var klar til oppsatt avgang (ref. "African time"). Etter å ha stroppa bagasjen fast til taket, trykt rumpa ned i det smale setet og jaga ut selgerane som tilbydde alt fra brus til sko, satte vi kursen mot grensa.
Andrea, meg, Bjørn og Amon
Bussen

Einaste stoppet før grensa var ein kjapp tur på ”bush-toilet”. Når vi kom tilbake frå bushen var bussen forsvunne. Den hadde kjørt eit stykke vidare for veging, så vi måtte gå eit stykke for å komme med bussen. Men det var eigentleg heilt greit å få bevegd litt på beina, det var nemleg umogleg inne på den trange og stappfulle bussen.

På grensa måtte vi gjennom diverse papirkontrollar og bagasjekontroll. Det tok vel rundt to timar og var ganske varmt. Bavian-besøk gjorde ventinga litt betre.




Like etter grensa såg vi og ein elefant på det som likna ein skuleplass. Etter dette blei det ein lang, humpete og svett kveld inn mot Harare. Ein nydeleg solnedgang, markbrenning i stor skala i mørket og min kjære i-pod hjalp til å halde humøret oppe. Til slutt kom vi fram til Harare i 22-tida og enda litt seinare til hotellet, rimeleg slitne heile gjengen.

Fredag hadde vi heile dagen i Harare. Den blei brukt til å besøke den norske ambassaden, besøke hovudkontoret til SRC (Sports and Recreation Commission, organisasjonen vi skal jobbe under, tilsvarar Idrettsforundet i Norge) som låg på nydelege Zimbabwe National Sports Stadium og diverse innkjøp av nødvendige ting. I tillegg fekk vi slappa av litt på hotellet, Hotel Bronte, eit fantastisk hotell av bra standard og fine hagar.
Hotel Bronte
Zimbabwe National Sports Stadium

Laurdag gjekk turen vidare til Bulawayo. Nok ein lang tur, men denne gongen kjørte vi bil med vår andre koordinator, Sheppard, så no gjekk det litt raskare og vi fekk styrt stoppa sjølv. Vi starta i 12-tida og var framme rundt 21.
Born med varer til sal, på vei til Bulawayo

Denne veka er vi i Bulawayo på Youth Games (ZNYG, Zimbabwe National Youth Games). Det er veldig kjekt, meir om det seinare.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar