tirsdag 6. august 2013

Vel framme!

Kan bekrefte at eg er vel framme! Det er meir enn eg kan seie om bagasjen min, dog. Den dukka ikkje opp på flyplassen i går. Men det er inga krise, fekk lånt meg litt kle i går og i dag, og i ettermiddag tok eg ein tur på det lokale kjøpesenteret og fekk hamstra ein del kle. Kjekt å ha forsikring som dekker det meste! :)

Ellers er alt bra. Programmet på GO (General Orientation) begynte i dag med diverse info og bli-kjent-leikar. Afrikanarane som skal på sør-sør- og sør-nord-utveksling er og med på GO her. Veldig kjekke og utadvendte folk som flirar meir i løpet av ein dag ein dei fleise nordmenn gjer i løpet av ein månad. Vi bor på universitetsområdet til University of Zambia (UNZA), der vi bor to og to saman på rom, stort sett ein nordmann og ein afrikanar i lag. Været er behagelig varmt om dagen og deilig kjølig når sola ikkje er framme. Så vi kosar oss og har ikkje så mykje å klage over! :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar