tirsdag 10. juni 2014

Veke 45/45: Harare --> Johannesburg --> Sjøholt

På mi ferd heim til storbyen Sjøholt har eg vore innom storbyane Harare og Johannesburg. Mandag reiste eg til Harare i lag med koordinatoren min frå Bulawayo, Simba. Tirsdag hadde vi sluttevaluering av utvekslingsprogrammet i lag med dei to frå Zimbabwe som har vore i Noreg, ein frå Tanzania som og har vore i Zimbabwe og representantar frå organisasjonen vi høvesvis har blitt sendt av og jobba for, SRC (Sports and Recreation Commission). Kjekt å treffe alle igjen og få sagt farvel og eg følte vi hadde ei god evaluering som forhåpentlegvis kan gjere programmet enno betre i framtida. Vi hadde evalueringa på nydelege Harare Safari Lodge. Vi satt i ei åpen hytte og diskuterte og evaluerte medan ein sebra, ei to meter lang øgle og ein haug med apekattar luska rundt om kring. Når vi hadde pause sprang apekattane inn i hytta, stal drops, sprang opp i trea igjen, åpna plastikken på dropsa lett som ingenting og satt seg ned og naut belønninga. Diverre glømde eg å ta med meg kameraet.

Onsdag reiste eg vidare til Johannesburg for å slappe av litt for meg sjølv før eg skulle reise heimatt. Torsdag var eg på apartheidmuseet og ein tur til Soweto. Begge deler var veldig interessant. Soweto er ein stor, samansatt, historierik, fasinerande og ikonisk bydel i Johannesburg med om lag 1,3 millionar innbyggarar.
Apartheid-museet
Apartheid-museet
Apartheid-museet
Apartheid-museet
Orlando Towers, Soweto
Hector Pieterson Memorial, Soweto. Hector Pieterson blei drept av politiet under ein demonstrasjon mot apartheid-regimet i 1976, berre 13 år gamal. Eit bilete frå hendinga (som de kan sjå i bakgrunnen) og Hector sjølv har i ettertid blitt eit ikon på kampen og mostanden mot apartheid.
FNB Stadium, Soweto
På fredag traff eg dei sju norske som har vore i Zambia på flyplassen i Johannesburg. Kjekt å treffe dei att og å reise i lag heim att. Etter meir enn 30 timar på fly og flyplassar landa eg på Vigra der eg blei møtt med norske flagg av familien. Nok eit fint gjensyn! Noko av det første eg merka når eg kom ut av flyplassen var den friske gode lufta. Elles var det kjekt å sjå norsk natur att og å ete norsk mat. Allereie søndag måtte eg ha meg ein liten fjelltur og seinare på dagen var vi på middagsbuffet med mykje god norsk mat. Det var trist og rart å resie frå Bulawayo og Zimbabwe, og det har vore kjekt og rart å kome heim til Sjøholt og Noreg.
Heimbygda Sjøholt
Halve familien

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar