søndag 17. november 2013

Veke 16: For varmt

Denne veka har det vore for varmt til å gjere noko særleg. Sol og rundt 35 grader. Her er det lille eg har gjort. Mandag var eg på kontoret. Tirsdag drog eg til Pumula High. Trudde eg skulle ha fotballtrening, men det skulle dei visst ikkje. Ingen av laga der gjekk vidare til neste kvalifiseringsrunde i YES-turneringa, så då slutta dei visst med fotballtrening. Så då må eg mest sannsynsleg finne meg noko anna å gjer tirsdagar og torsdagar. Samtidig er det berre to veker til eg drar til YES-festival, studieveke og juleferie. Elles har eg slappa mykje av. Er ikkje så mykje anna som fristar i varmen. Eg var på Barrow (offentleg svømmebasseng i byen) dei tre første ettermiddagane i veka for å kjøle meg ned. Det verste med varmen er at det blir så varmt inne i huset der eg bur. På vei heim frå svømmebassenget i det sola er i ferd med å gå ned er det nokså leveleg temperatur. Men så fort eg kjem inn i huset er eg like varm igjen. Det er eit murhus med små vindu (som dei helst ikkje vil åpne på grunn av mygg) og ein høg mur rundt heile huset, så det er ikkje så mykje luft som slepp verken inn eller ut. Det er som å bu i ein hermetikkboks. Kaldt når det er kaldt og varmt når det er varmt. Eg veit ikkje kor varmt det er på rommet mitt på det verste, men i følge yr.no er det eit par-og-tjue grader ute rundt midnatt og det er betydeleg varmare på rommet mitt, så at det er opp mot 30 grader tvilar eg ikkje på. Etter kvart blei eg så lei av mitt varme soverom at eg spurte om eg kunne flytte inn med det norske legeparet som og bur her i Bulawayo for eit par netter. Det skjønte både dei og vertsfamilien min godt, så det var ikkje noko problem. Dei har eit litt luftigare hus med utandørs sitteplassar og ikkje minst svømmebasseng i hagen. Så dei fire siste nettene har eg tilbragt der i godt selskap. Veldig hyggeleg og eg har blitt tatt godt i mot, så stor takk til dei! Det var varmt om nettene der og, men betre enn heime. Eg har i alle fall fått slappa litt betre av i varmen og skrive ein del på eksamensoppgåva mi. Det hadde eg ikkje klart heime. Har til og med tatt eit par joggeturar tidleg på morgonen før det har blitt for varmt. No er eg tilbake i min eigentlege heim og det er godt det og. Den komande veka er det heldigvis meldt kjølegare, faktisk ned mot 20 grader og regn enkelte dagar. Det gledar eg meg til! :)
Min reserveheim når det blir for varmt

4 kommentarer:

  1. I dag kom snøen til kyststrøka på Sunnmøre - og det er lett å få det kaldt nok på soverommet.
    Lykke til med skrivinga og vidare arbeid der i sør.

    Geir Johan

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, eg saknar eit kjøleg soverom.. Men det er heldigvis kjølegare ver no. På fredag er det faktisk meldt "berre" 18 grader (som faktisk verkar kjøleg for meg no), så då blir det plutseleg kaldt inne om kvelden, så då skal eg nok få sove godt.. :)

      Slett
  2. I dag oppdaga jeg at jeg kan legge inn kommentar til bloggen din, Sigve! Det går framover for gamle tanter! Jeg har sendt link til bloggen din til søskenbarn og venner, synes du skriver så fantastisk godt! Har litt vondt av deg når det er så grusomt varmt - har akkurat bytta hotellrom her i Oslo fordi jeg ikke fikk slått av radiatoren, vinduet sto oppe, minus 1 ute, men likevel for varmt for meg å sove, så nå har jeg fått et kjøligere rom. Det er jo fryktelig å ha det så varmt, men det er jo slik i Afrika da! Og, dessuten så ser jo "reserveboligen" din ganske grei ut! Flott at du har blitt kjent med lege-ekteparet. Nå er det bare 4 uker til vi er på vei, så nå gleder vi oss mer og mer. I Cape Town er det jo veldig mye mer luftig enn i Bulawayo, som du vet, så det kommer du nok til å nyte! Vi snakkes!

    SvarSlett
    Svar
    1. Det går nok sakte men sikkert framover for dei fleste her i livet, tante.. ;) Eg gledar meg og til juleferie og at dokke kjem på besøk! Det blir veldig kjekt!

      Slett