lørdag 14. september 2013

Veke 6-7: Eksamensjobbing

Dei to siste vekene har stort sett gått med til eksamensskriving. Har som oftast jobba på kontora våre (Sports And Recreasion Commission) på Khumalo Hockey Stadium eller på ein kafe i byen. Vi fekk utlevert ein heimeeksamen som vi skulle besvare over ei 6-8 siders innlevering. Årsstudiet som vi tek gjennom Norges Idrettshøgskule, heiter som tidlegare nevnt "Idrett, kultur og utviklingssamarbeid" (IKU). Oppgåvene i denne eksamenen handla om norsk idrettsbistand og fleirfarga idrett. Interessante tema, men og mykje jobbing. Det krever ein del jobb på eiga hand når ein skal gjennom pensum tilsvarande 10 studiepoeng og vi kun fekk tid til ei veke med undervisning i Noreg før vi reiste til Afrika. Så det var særs godt å levere i går og kunne ta helg med godt samvit.
Khumalo Hockey Stadium
SRC
Mine venar på kontoret
Kontoret mitt
I dag har eg tatt meg ein joggetur på morgonkvisten, medan resten av dagen vil bli brukt til avslapping, truleg med store innslag av engelsk fotball på TV.. :) Skal og endeleg begynne på ei ny bok, ein behageleg avslappingsaktivitet.


I tillegg har SRC kjøpt sykkel til meg. Eg tenkte at dette kunne bli min nye favoritt-treningsaktivitet. Når eg som kvit mann tar meg ein joggetur i mitt svarte nabolag får eg ekstremt mykje merksemd. Så eg tenkte at dersom eg brukte sykkelen til å trene i staden, kunne eg unngå noko av denne merksemda i og med at svarte og syklar (dei joggar ikkje) og at dei i det minste kunne tru at eg var på veg til ein plass i staden for at eg trente. MEN for å få noko treningsutbytte må eg sykle ganske fort og det gjer ikkje dei svarte, dei syklar sakte. Så då måtte eg innsjå at merksemd ville eg fortsatt få i store mengder. Ein sykkeltur i solnedgangen har eg likevel gjentatt fleire gongar. Ein herlig måte å oppleve omgivnadane og få trent på.

Det er ikkje umogleg at dej kjem eit nytt innlegg i løpet av kort tid. Følg med på den spanande fortsettinga!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar