søndag 29. september 2013

Veke 9: Endeleg i gang!

Denne veka er den første veka der eg kan seie at eg faktisk har kome i gang med idrettsdelen av opphaldet. Det har med andre ord tatt si tid, på lik linje med det meste her nede.

På onsdag var eg for eksempel på besøk på ein barneskule (Ngwalongwalo Primary School) som ligg to minutts gange frå der eg bur. Når eg, som kvit mann, går inn på ein barneskule her nede har det omtrent samme verknad som om Justin Bieber skulle gått inn på ein barneskule i Noreg for å dele ut klemmar og godteri. ALLE ser på meg, all undervising stoppar opp ettersom alle ungane snur seg mot meg og dei som er ute på skuleplassen flokkar seg rundt meg. Eg var på visitt for å forhøyre meg om korleis dei dreiv idrett på den skulen. Etter å ha blitt sendt hit og dit til ulike personar som kanskje visste noko, viste det seg at onsdag var ein av dagane dei dreiv idrett og til slutt fann eg læraren som skulle ha ansvaret for idrettsaktivitetane den dagen. Hundrevis av ungar samla seg ute og satte seg rundt eit tre klare for idrett. Det er litt fleire ungar per skule her enn i Noreg. Eg veit i alle fall at på den eine barneskulen er det om lag 2000 elevar. Eg og læraren gjekk bort til treet. Han tok ordet og sa noko på ndebele (det lokale språket), men eg trur ungange såg meir på meg enn dei hørte på han. Plutseleg ba han meg introdusere meg, så eg slo til med ei helsing på ndebele og då tok det heilt av. Latter og high-fives spredde seg blant hundrevis av ungar og det tok vel eit godt minutt før eg faktisk fekk introdusert meg. Ungane blei sendt til dei ulike idrettsbanene og eg fekk beskjed om å ta oppvarminga for basketballaget. Dette visste eg ikkje om på førehand, men det er berre bra at eg blir kasta ut i det. Slike utfordringar lærer ein mykje av og endeleg fekk eg ansvaret for litt aktivitet. Og det blei ei skikkeleg utfordring! Det begynte med om lag 40 ungar, som kan vere ei organisatorisk utfordring i seg sjølv, men det tok ikkje lang tid før det var nærmare 100 ungar inne på den lille basketballbana. Eg trur alle ville bli med på den kvite mannen (som i tillegg kunne seie noko på ndebele) si oppvarming. Det var ikkje så lett å halde kontroll på 100 viltre ungar, men eg fekk gjort nokre aktivitetar og dei fekk i alle fall bevegd på seg, så det gjekk veldig fint. Etter ei stund kom læraren tilbake og organiserte nokre kampar. Dei spelte fem mot fem, medan resten satt og såg på. Ikkje heilt optimalt etter eit norsk perspektiv der inkludering og aktivitet er viktig, så her har eg noko eg kan jobbe med. Læraren sa at der eigentleg skulle vere fleire lærarar, men dei var ikkje så interessert i idrett så dei hadde droppa det. Dei som spelte fotball litt lenger borte, måtte for eksempel styre seg sjølv. Idrett og gym er ikkje alltid like høgt prioritert her som i Noreg.

På torsdag hadde eg endeleg min første ndebele-time på Pumula High School. Alle beherskar engelsk her, men ndebele blir mest brukt, så det blir kjekt å lære litt av det. Eg har allereie tatt i bruk ein del helsingar og liknande, noko som er veldig populært blant dei lokale. Eg hadde og mi første treningsøkt med U16-jentelaget på denne skulen på torsdag. Dette visste eg heller ikkje om på førehand, men det gjekk bra likevel. Dei skulle plutselig trene i lag med U15-guttelaget, så dei blei ganske mange, så og her blei organiseringa ei utfordring. Her møter ein organisatoriske utfordringar ein aldri møter i Noreg.

Laurdag reiste eg med familien for å besøke søstra mi på skulen der ho bur. Der skulle det vere ein seremoni med prisutdeling. Denne dagen blei eit prakteksempel på omgrepet "african time":
På fredag fekk eg presentert følgande laurdag: Avreise halv ni. Det er 120 kilometer til skjlen, altså ca ein times kjøring (allereie her skjønte eg at familien min ikkje skilte seg frå andre afrikanarar når det gjaldt å berekne tid, ettersom eg tvilte sterkt på ei snittfart på 120 km/t). Seremonien skulle begynne kl 10 og vare ein time. Deretter skulle vi kjøre heim. Eg hadde lyst til å sjå i alle fall noko Premier League på TV, så eg spurte om vi ville vere tilbake til det. Og jada, det skulle vi rekke.
Eg ante at dette var for godt til å vere sant, så eg såg for meg føgande laurdag: Avreise halv ni (avreise er dei faktisk som regel ganske presis på, av ein eller annan merkeleg grunn). Det vil ta nærare to timar å kjøre, så vi kjem litt for seint til seremonien som skulle begynne kl ti. Men denne er sjølvsagt forsinka, kanskje den begynner kl 11. Den varer og sjølvsagt meir enn ein time, eg tippa på to, så då er den ferdig rundt kl 13. Då har vi fortsatt ein time til overs til diverse afrikansk tidssløsing og vi kan fortsatt vere heime til kl 16 og rekke ein del Premier Leauge. Etter dette kjappe tankeresonnementet takka eg ja til å bli med, sjølv om det ikkje hørtes ekstremt spennande ut (eg har fått med meg nok afrikanske arrangement til å vite at dei garantert inneheld unødvendig lange og intetsigande talar).
Laurdagen blei slik: Avreise halv ni (ein bra start, men så var det og slutt på å vere presis og effektiv). Etter ein haug med stort sett unødvendige ærend i byen reiste vi frå byen først halv elleve. Altså ein halvtime etter at seremonien skulle ha begynt, og vi var fortsatt 120 km i frå skulen. Eg prøvde å spørre om vi kom til å rekke seremonien, men dei sa berre at den var sikkert forsinka. Vi ankom skulen i 12-tida og seremonien var godt i gang, men sjølvsagt ikkje ferdig slik den skulle ha vore etter planen. Den var derimot ferdig i 14-tida. Eg spurte om vi no skulle kjøre heim, og ja, det skulle vi, vi skulle bere ete lunsj først. Etter diverse afrikansk tidssløsing, som eg fortsatt ikkje forstår noko av, kjørte vi heimover i 16-tida og kom heim i 18-tida. Så det blei ikkje så mykje Premier Leauge den dagen. Dette var sjølvsagt ikkje noko krise, men det heile kan vere ganske frustrerande til tider. Eg er glad i å utnytte dagar på ein god måte, noko som ikkje alltid er like lett her nede.
Når det er sagt var det samtidig ein hyggelig tur. Og undervegs fekk eg sett mange bavianar, to giraffar og "balancing rocks" (kjente steinformasjonar). Eg fekk og oppleve korleis ein her nede løyser det å møte ein bil på ein smal veg. Eit parti undervegs bestod vegen av asfalt som berre var brei nok til ein bil, med to meter med grus på kvar side. Når ein då kjører i hundre og ser ein bil kome i mot kan ein følge følgande instruksjon: Hald same fart (ca 100 km/t) og styr bilen beint fram midt på vegen rett mot den møtande bilen. Hald denne posisjonen lengst mogleg og sats på at den andre vil vike ut i grøfta. Dersom dette ikkje skjer må du, ca 10-20 meter før den foreståande fatale front-mot-front-kollisjonen, kaste bilen ut i grøfta og passere i høg fart.  Sjølv om det kjennes ut som bilen skal velte i det du kastar den ut i grøfta, treng du likevel ikkje å bekymre deg for dei to små gutane som ligg bak på lasteplanet og søv. Kjekt med litt spenning!
Lunsj på lasteplanet

Helga blei avslutta med fotballkamp: Highlanders mot Triangle, eit cupoppgjer mellom to lag frå toppserien i Zimbabwe på Barbourfields Stadium her i Bulawayo. Highlanders er det største og beste laget frå Bulawayo og heng med i toppen av tabellen åtte rundar før sesongslutt. Triangle ligg litt under midten av tabellen. Highlanders vann fortjent 3-2 foran eit ellevilt heimepublikum. Det var veldig kjekt å vere på kamp, dette vil eg definitivt gjere igjen. Overraskande høgt nivå på spelet, bra med engasjement på tribuna og absolutt underhaldande. Eg tippar på om lag 15000 tilskodarar. Billettprisen på 1 dollar (6 kr) var ikkje akkurat avskrekkande heller.





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar