søndag 1. september 2013

Veke 5: Ny kvardag

Søndag kveld flytta eg endelig inn med vertsfamilien min for dei neste drøye ni månadene. Det var ganske spesielt å bli kjørt ut i ein framand bydel i mørket og bli plassert i eit nytt hus med ein ny familie. Men dei heile gjekk smertefritt, mykje takka vere hyggelege folk. Koordinatoren min, Simba, viste veg og følgte meg inn i mitt nye hus til min nye familie. Det var kun foreldra som var heime, så vi satt oss ned i stua, praten gjekk fritt og alt var fint. Når faren skrudde på ein fotballkamp på TVen skjønte eg at dette kom til å gå bra.. ;)
Mine nye foreldre: Stanley og Thoko
Dagen etter fekk eg treffe mine ny brødre. Stan (populært kalla Junior) på 10 og Felix på 8. Kjekke gutar som var glad for å plutselig få ein storebror. 10 min etter eg kom hadde den eine sagt til far sin: "I'm so happy", så eg er nokså populær blant dei.. :) Det tok ikkje lang tid før vi spelte kort og leika i lag.
Felix og Stan
Stan
Felix
Eg har og ei søster, Lisa på 16, som delvis bur vekke på skule. Eg bur i bydelen Pumula South, ca 10 minutt utanfor sentrum. Det er ein tettbebygd bydel, men vi bur ganske fint. Dei har to bilar, tre soverom kjøkken med kjøleskap, fryser og komfyr og stue med TV (med mange sportskanalar, så eg får sett det eg vil av engelsk fotball). Eg har eit eige soverom med dobbelseng, så eg har det så bra som eg kan ha det.
Huset mitt
Husnummer
Her er slektningar på besøk stort sett kvar dag, nokre av dei fungerar og som hushjelp. Kyle (16 månader) var ganske redd for meg i byrjinga (velger å tru at det var fordi eg er kvit), men det var ikkje noko ein ball, eit kamera og mine pedagogiske spissferdigheiter ikkje kunne fikse, så no er eg populær hjå minstemann og.
Kyle ser spent på kameraet
På jobb har det foreløpig skjedd lite. Dei har stort sett brukt denne veka til å kome i orden igjen etter Youth Games forrige veke, så eg har ikkje gjort noko særleg enda. Eg har blitt introdusert for nokre viktige personar i ulike verv og elles vore eit par dagar på kontoret. Det har eigentleg vore greit med ein "slow start" for å kome inn i ting. Eg har dessutan ein heimeeksamen, som skal leverast inn i midten av september, som eg kan jobbe med. Den komande veka blir det nok ein del jobbing med den og forhåpentligvis litt progresjon på jobb.

I går fekk eg og oppleve eit afrikansk bryllup. Gøy å oppleve musikken og korleis alle (alle mellom 1 og 90 år) kastar seg ut i dansen for å vise glede. Ikkje fullt like spanande med alle talane som eg ikkje forstår noko av. Dei er særs glade i talar her nede, gjerne unødvendig lange.

I går og i dag tok eg meg ein joggetur i nabolaget. Dei lokale er ikkje van med å sjå nokon jogge, enda mindre å sjå ein kvit person, så eg får ein del blikk og tilrop, men det får eg uansett om eg joggar eller ikkje.. :) Det er nok berre positivt meint og det er stort sett berre kjekt, spesielt merksemda frå ungane.

No er det snart klart for engelsk fotball på TVen.. :) På gjenhør!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar