mandag 28. oktober 2013

Veke 13: Sportsveke

Etter ei slapp men kjekk helg i Harare var behovet for å bevege på kroppen stort, så eg bestemte meg for å gjere nettopp det denne veka. Og bevegd meg fekk eg. Aktivitetar eg har gjort denne veka er sykling, svømming, turgåing, styrketrening, fotball, biljard og aerobic. Det har vore godt å kome meir i gang med trening og eg har funne litt fleire treningsarenaer no, slik at det har blitt litt enklare å trene. Denne veka har eg til og med fått erfare regn for første gang sidan eg kom til Arika. Veldig deilig etter nesten tre månader utan. Regn er litt meir behageleg ved 32 grader enn ved 2 grader. I tillegg har eg klart å begynne på den nye eksamensoppgåva som skal leverast inn i byrjinga av desember. Så det har vore ei kjekk veke der det har skjedd mykje.

Jobbmessig hadde eg fotballtrening for eit jentelag på Pumula High School både tirsdag og torsdag. Det var veldig kjekt å ha ansvar for litt aktivitet igjen og det er alltid populært blant elevane når eg kjem for å ha trening. I tillegg hadde eg ein språk-time på same skule på torsdag. Dette var kanskje ikkje mykje til arbeidsveke i norsk målestokk, men her bruker ein visst ein litt annan målestokk. Det er praktisk idrett eg har mest lyst til å drive med og det har i stor grad vore opp til meg sjølv å lage avtalar med dei ulike skulane, noko som ikkje har vore like lett på alle skulane. Men eg er i alle fall nøgd med situasjonen på Pumula High der eg er fast to dagar i veka. Eg har innsett at eg her må seie meg nøgd med mindre enn eg hadde forventa og er det ein dag der det ikkje skjer så mykje, så finn eg heller på andre ting for meg sjølv enn å gå rundt å vere frustrert. Då reiser eg heller inn til byen og jobbar med eksamensoppgåva eller trenar eller slappar av ved bassenget.

Eg har og funne tre snooker-bord på eit hotell i byen (tilfeldigvis det hotellet vi skal bo på når familien kjem på besøk). Det einaste eg har mangla er nokon å spele med. Så eg la igjen telefonnummeret mitt i resepsjonen og sa at dei kunne gi det til ein eventuell motstandar. Ikkje lenge etterpå fekk eg ei melding frå ein Edward som ville spele. Vi avtalte å møtast på onsdag og eg gledde meg til endeleg å få spele snooker igjen. Onsdagen kom og eg møtte opp tidlig og begynte å spele aleine. Etter ei stund kom ein minst 70 år gamal mann inn døra og presenterte seg som Edward. La gå tenkte eg, ein gamal snookerspelar er betre enn ingen snookerspelar. Men det viste seg at han heller ville spele biljard på snookerbordet. Så vi spelte eit par rundar (de kan gjette sjølv kven som vann) før eg gjekk, noko skuffa, heim. Han var ein veldig hyggeleg mann og ikkje så verst, biljardmessig, for alderen, men det var likevel ikkje heilt det eg hadde håpa på.

Søndag var det klart for årets kamp, "The Battle of Zimbabwe", i Zimbabwe Premier Soccer League. Highlanders frå Bulawayo mot erkerivalen Dynamos frå Harare. Før kampen låg Highlanders på toppen av tabellen, to poeng foran nettopp Dynamos. Det var ekstra mykje liv i byen heile dagen på grunn av kampen og stadion var full (16500 tilskodarar) lenge før kampstart. Det blei ein tett og spanande kamp og ein kunne merke at mykje stod på spel for begge lag. Etter ein situasjon midtvegs i første omgang fekk ein speler frå kvart lag raudt kort. Dette var ingen av laga nøgd med og støtteapparat frå begge lag storma bana og det meste var kaos. Politiet storma etter og fekk roa gemyttane. Begge lag hadde gode sjansar til å ta leiinga, men ingen makta å få ballen i mål. I andre omgang pressa Highlanders meir og meir på, utan uttelling. Det såg lenge ut til å ebbe ut med null-null i ein kamp ingen av laga hadde råd til å tape. Men fem minutt før slutt fekk Dynamos straffespark! Det blei satt sikkert i mål og då tok det av blant dei mange Dynamos-supporterane og på Dynamos-benken. 0-1 blei og sluttresultatet, noko som betyr at Dynamos passerte Highlanders på toppen av tabellen med eitt poeng med fire rundar igjen å spele. To andre benytta og sjangsen til å blande seg inn i gullkampen. Ein skuffande dag for alle Highlanders-fans (meg sjølv inkludert), samtidig var det ein av dei beste fotballkampane eg har vore på. Veldig kjekt med spenninga og stemninga på tribuna. Etter kampen venta vi ein liten time inne på stadion før vi gjekk ut for å unngå å havne i ein slåsskamp, noko som tydelegvis er standard affære etter desse kampane.
Highlanders-fansen godt i gang før kampstart
Kameramannen er på plass

Felles bønn før kampstart
Raudt kort til begge to...
...og kaoset er i gang!
Ein hissig Highlanders-fan etter kampslutt
Dei på øvste rad følg med på slåsskampen utanfor
Tatt av politiet


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar