søndag 6. oktober 2013

Veke 10: Kjølig ver og fotballdebut

Seint søndag kveld kom det skyer og eit kraftig tordenver innover Bulawayo. Stilig å sjå korleis lyna lyser opp eit mørkt nabolag når strømmen er vekke og deilig å ligge i senga og høyre på tordenskralla. Det regna og ein del i løpet av natta, men eg har framleis til gode å SJÅ ein regndråpe sidan eg kom til Afrika. Eg gledar meg til regntida startar. Mandag var det plutselig direkte kjølig (under 15 grader). Eit temperaturfall på over 20 grader på to dagar ville vel blitt karaterisert som drastisk til og med i Noreg. Afrikanarane syntest sjølvsagt det var iskaldt og kledde på seg huer og boblejakker. Eg elska det! Det som er så fint med kulde er at ein kan regulere temperaturen ved å ta på seg meir eller mindre kle. Når det er varmt og eg har på meg shorts og singlet og eg allereie svettar, er det ikkje så mykje ein kan gjere med det, i alle fall ikkje her. Når det er sagt har ikkje varmen vore eit stort problem, men ein kan bli litt lei av den. Eg saknar norsk haust, sjølv om eg om eit år sikkert kjem til å savne varmen litt og. Det verste er når det er varmt på rommet når eg skal sove. Det er ikkje noko særleg å begynne å svette når ein legg seg ned for å sove. Problemet med murhusa her er at når det er varmt ute blir det glovarmt inne, og når det er kaldt ute blir det iskaldt inne. Så mandag og tirsdag var det fram med flisteppe på sofaen foran TV'n. Deilig! Temperaturen har stige jamt utover i veka og no er den tilbake rundt 30 grader. Ei behageleg veke, temperaturmessig.

Torsdag fylte broren min, Stan, 10 år. Eg hadde forventa eit bursdagsselskap, eller i det minste ei kake, men eg har enno ikkje sett noko til verken selskap eller kake. Han hadde riktignok fått med seg ei innkjøpt kake på skulen og han hadde faktisk spart eit stykke til meg. Men når han og broren, Felix (8 år), kom heim frå skulen eit par timar før meg, hadde det siste kakestykket blitt for fristande. Så når eg kom heim forklarte han at han hadde spart eit stykke til meg, men at det hadde oppstått eit lite problem. Pedagogisk utdanna som eg er, sa eg at det ikkje gjorde noko, sjølv om eg hadde lyst på eit kakestykke. Foreldra hadde snakka om å ha bursdagsselskap eller å gå ut på restaurant og ete middag, men når ein ikkje klarer å planlegge 10 minutt fram i tid, kan ein ikkje forvente å klare å planlegge ei bursdagsfeiring. Han fekk i alle fall ei gåve frå meg: ein ball, ein shorts og litt godteri. Verdien på gåva var om lag 60 kroner og han blei veldig glad. Han fekk i tillegg ei gåve frå ein av hundane våre: om lag 10 kvalpar. Denne gåva gjorde han kanskje enno gladare, sjølv om eg trur dei skal bli selt.

Laurdag hadde eg blitt invitert til å spele fotball med ein kompisgjeng, av ein tilfeldig fyr eg møtte i byen som sa at eg såg ut som ein som kunne spele fotball. Eg bekrefta at det kunne eg. Eg fekk beskjed om at dei skulle møtast kl ett. Eg møtte opp på avtalt stad ti over ett (eg var sjølvsagt litt forsinka ettersom far min skulle kjøre meg dit), men der var ingen å sjå. Eg ringte den tilfeldige fyren for å høre kor han var. Han var i byen, men skulle kome om ein halv time. Heldigvis var det ein pub rett ved bana, så eg fekk spelt litt biljard medan eg venta. Etter kvart begynte folk å dukke opp, til og med den tilfeldige fyren. Eg trudde at vi då skulle begynne, men då skulle vi i staden sette oss ned og sjå litt engelsk fotball. Greit nok. Rundt halv tre begynte det å skje ting og eg fann fort ut at det eg trudde var ein kompisgjeng som skulle spele fotball mot kvarandre, viste seg å vere eit lag som skulle spele kamp mot eit anna lag. Eg fekk utdelt drakt nr. 6 og var klar for debut for Tredgold FC. Eg fekk tilnavnet Rooney og ansvaret for oppvarminga. Motstanderlaget begynte med ballen og om lag åtte sekund seinare sørga Rooney for 1-0 til Tredgold FC. Ein grei start (eg bør vel her nevne at nivået ikkje var det heilt store). Kampen gjekk sin gang og mine nyinnkjøpte, medium-kvalitets fotballsko sørga i samarbeid med det varme jordunderlaget for at eg utvikla gnagsår og blemmer på undersida av føtene. Men eg fekk i alle fall sørga for ein 2-0-ledelse før eg måtte gi meg i pausen. Eg forlot åstaden og veit enno ikkje sluttresultatet. Eg seier meg nøgd med min debut i zimbabwisk fotball, men eg trur eg skal sikte meg inn på eit litt høgare nivå for ein eventuell kamp nr. to.

Jobbmessig har det gått mykje i det vanlege. Litt aktivitet på nokre skular, to unødvendig lange møter og nokre avtalar som har gått i vasken.

Eg beklagar det bildefattige innlegget, men eg er litt forsiktig med kor eg tar med meg kameraet. Til gjengjeld har eg oppretta ein Instagram-profil (@sigveror), der eg etter kavrt vil legge ut nokre av dei beste bilda.

God natt!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar