søndag 20. april 2014

Veke 38

Har ikkje så mykje å skrive heim om denne veka. Har hørt rykter om at det er påske, noko eg ikkje har merka så mykje til, sett bort i frå litt ekstra kyrkjegåing no i helga. Det er ikkje akkurat som påske i Noreg. Fredag feira Zimbabwe sin 34. frigjeringsdag, noko eg heller ikkje merka så mykje til. Det er ikkje akkurat som 17.mai i Noreg. Eg har jobba litt med eksamen, trent litt (til dømes 3-timers aerobic-maraton på laurdag) og sett litt fotball. Er forøvrig litt tabbe å befinne seg i eit land der ein ikkje kan få sett snooker-VM på TV, men eg får i staden opplevd andre ting som eg ikkje ville opplevd i Noreg. For eksempel å besøke tre bursdagsborn i nabolaget:
2 år og kake
2 år (til saman) og kake

3 kommentarer:

  1. Er dette tvillingane som du hadde bilde av tidligare? Du får i hvert fall med deg utrolig mange flotte bilder av utrolig mange flotte og skjønne unger. Etter utseende ser de jo ut til å ha det bra (tjukke og runde). Hilsen tante Oddrun

    SvarSlett
  2. Og Snooker-VM får du nok sett mange ganger i åra framover, men opplevelsen du har og har hatt i Zimbabwe dette året, oppveier sikkert 100 ganger savnet etter snooker-VM. Jeg misunner deg fortsatt -selv om det til tider er veldig varmt og mye venting! Snart er du hjemme igjen - tida går fort, ta masse bilder av de skjønne ungene. Klem fra tante Oddrun

    SvarSlett
  3. Ja, det e nabotvillingane som ej he besøkt mange ganga og det virka som dei he det bra, ja. No begynne dei å flire kvar gang ej kjem på besøk fordi dei kjenne mej og ej bruka å leike med dei. På 1-årsdagen deira, når ej skulle gå, vinka dei hade til mej for første gang. Det hadde dei aldri gjort før, så kjekt å sjå.. :)

    SvarSlett