mandag 28. april 2014

Dag 270-272: Helene og Mugabe

Torsdag kom sjølvaste Helene, idrettsfrivillig i Zambia, på besøk til Bulawayo. Ho er altså på same program som meg og er plassert i Livingstone i Zambia. No er ho på reise rundt i Zimbabwe, første stopp var Bulawayo. Vi hadde ein god lunsj i lag før eg fulgte ho til det norske legeparet som bur her i Bulawayo. Dei hadde, snille som dei er, tilbydd at ho kunne få bu med dei medan ho var her i byen.

Fredag kom sjølvaste Robert Mugabe, presidenten i Zimbabwe, på besøk til Bulawayo. Kvart år på denne tida er det ei handelsmesse her i byen, Zimbabwe International Trade Fair (ZITF). Det var kjent at Mugabe skulle stå for den offisielle åpninga av messa, men hemmeligheitsfull som han er var det ingen som visste kva tid han skulle kome. Eg, Helene, og vertssøskena mine drog dit for å sjekke ut messa og for å kanskje få eit blikk av sjølvaste presidenten. Det første vi møtte på var Mugabe som traska rundt på messeområdet. Riktignok omgitt av store mengdar politifolk, livvakter og skuelystne. Men vi fekk sett han fleire gongar og kom mykje nærare enn vi hadde trudd.
Mugabe med livvakter og skuelystne
Elles gjekk vi rundt på messeområdet og såg, men fann fort ut at det var mest ei "business-messe" og dermed ikkje så interessant for oss. Etter ein god lunsj i lag, reiste eg og Helene til National History Museum, som og ligg i Bulawayo. Eg hadde heller ikkje vore her før og det var eit veldig bra og interessant museum, men det var diverre ikkje lov til å ta bilder.
Eit glimt frå ZITF 2014
Laurdag inviterte Jone og Gunn (det norske legeparet) meg og Helene med på tur til Matopos National Park som ligg like utanfor Bulawayo. Eg hadde vore der ein gong tidlegare på ein strabasiøs og kjekk tur i lag med Jone. Den gongen gjekk vi til Nanke Cave som viste seg å bli ein lengre og varmare tur enn vi trudde. Denne gongen reiste vi til Cecil Rhodes si grav, som ligg på eit utkikkspunkt (World's View) og Silozwane Cave som inneheld eldgamle hulemåleri, i likheit med Nanke Cave. Nok ein kjekk og fin tur!
Helene på World's View
Rhodes si grav 
Helene og Jone i Silozwane Cave
Utsikt frå Silozwane Cave
Cecil Rhodes var ein britisk finansmann som levde på slutten av 1800-talet. Han dreiv og med politikk i Sør-Afrika. Han var grunnleggar av den britiske kolonien Rhodesia (1895) som var naturleg delt i to av Zambezi-elva. Dei tok dermed etter kvart nye namn: Nord-Rhodesia (1911) og Sør-Rhodesia (1901). Desse områda fekk etterkvart si sjølvstedigheit og blei til landa vi kjener dei som i dag: Zambia (tidlegare Nord-Rhodesia, sjølvstendig i 1964) og Zimbabwe (tidlegare Sør-Rhodesia, sjølvstendig i 1980). Det var dagens historietime.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar