mandag 26. mai 2014

Veke 43

Denne veka har eg begynt på att med gymtimar på dei to skulane eg har jobba på etter jul. Skulane har nettopp hatt ein månads ferie (skuleåret her er ikkje likt det i Noreg) og åpna att førre veke. Det har vore kjekt å begynne på att med praktisk arbeid og det har, ikkje overraskande, vore populært blant elevane og. Eg har hatt nokre gymttimar kvar dag og eg føler at eg får assistert skulane ein del før eg reiser, så det er bra.
Friminutt
Torsdag fekk eg med meg min (sannsynlegvis) siste ZPL (Zimbabwe Premier League)-kamp før eg reiser. Serieleiar Highlanders møtte botnlaget Harare City (i fjor var begge topplag og begge endte med like mange poeng som gullvinnar Dynamos). I ein kamp med få store sjansar klarte Highlanders å hale i land ein 1-0 siger etter scoring av stortalentet Kudakwashe Mahachi. I januar blei Mahachi selt frå Chicken Inn til Highlanders. No er han allereie selt vidare til dei nykrona seriemeistrane i Sør-Afrika, Mamelodi Sundowns. Dette var hans siste kamp før han reiser til Sør-Afrika og det har vore snakk om prøvespel med Monaco. Eg får følge med han.

Fredag møtte eg Thuba, som nettopp har kome att frå Noreg, til lunsj i byen. Ho er frå Bulawayo og har vore på utveksling i Noreg under same program som meg. Ho har vore i lag med andre afrikanarar på Inderøy Folkehøgskule. Det var kjekt å utveksle erfaringar og høyre korleis ho har opplevd Noreg. Ho har trivdes godt og både lært og sett mykje nytt.

Laurdag gledde eg meg til å sjå Champions League-finalen på TV. Eg slengte meg ned i godstolen og skrudde på TVen, kun for å bli møtt av ein svart skjerm med beskjed om at TV-signalet hadde dutte ut. Eg vart eigentleg ikkje så veldig verken skuffa eller overraska. Ut i frå denne reaksjonen vil eg konkludere at eg har blitt van med litt av kvart etter nesten ti månader i Afrika. Eg slengte meg ned på senga og begynte å lese bok i staden. Ein halvtime ut i kampen kom plutseleg signalet tilbake, så eg fekk med meg siste kvarteret av første omgang. I pausen spurte min vertsfar om eg kunne bli med han å kjøre til jobben hans for å hente noko slik at han, sitat, "slapp å vere aleine dersom han skulle bli overfalt og rana". (Eg velger her å tru at han meinte om eg kunne bli med for å unngå at han skulle bli overfalt og rana.) Eg tenkte at eit så lukrativt tilbud kunne eg ikkje takke nei til. (Slapp av mamma, ettersom du no les denne bloggen, kan eg avsløre at eg overlevde turen.) Eg har no vore i Afrika i snart ti månader, utan å oppleve noko kriminalitet eller trøbbel. Eg hører stadig snakk om tjuvar og kriminelle ute på tokt, men eg trur det er litt oppskrytt. (Slapp av mamma, eg er forsiktig.) Tilbake til turen. Han sa vi skulle vere tilbake til andre omgang begynte. Eg trengte verken kuleramme eller reknepapir for å finne ut at det ikkje kom til å skje. Vi kjørte til lagerlokalet til min vertsfar og han gjekk inn for å hente det han skulle. I det andre omgang blei sparka i gang sto eg åleine ved bilen i tussmørket på eit stort industriområde og hørte på Zimbabwisk musikk på bilradioen og såg på stjernehimmelen (som er bedre her enn i dei lysfourensa områda i Noreg, spesielt når strømmen er vekk). Men eg fekk i alle fall med meg dei siste 20 minutta av andre omgang (og begge ekstraomgangane) og dermed det viktigaste. Så eg hadde vel eigentleg ein meir begivenheitsrik Champions League-finale enn dei fleste andre (kanskje med unntak av Gareth Bale).

Søndag var eg invitert av ein nabo eg kjenner godt til å bli med på ein dagstur til hans 'rural home'. Her i Zimbabwe er det mange som har eit hus på landsbygda som dei enten eig sjølv eller der foreldre eller slektningar bur. Her bur ein på ein meir gamaldags måte enn kva ein gjer i byane og driv som regel med jordbruk. Etter å først ha venta to timar på ein fortauskant i sentrum (noko eg har begynt å bli van med etter å ha reist med afrikanarar fleire gongar i løpet av dei siste ti månadane), kom endeleg han vi skulle få skyss med. Dei sa det var om lag ein time å kjøyre. Etter to timar, derav halvparten på ein humpete grusvei langt ut i bushen, var vi framme. Sett bort i frå at det vart ein lengre dag enn kva som vart lova på førehand (noko det alltid blir når ein skal reise med afrikanarar), var det ein veldig kjekk dag og eg er takknemleg for at eg blei invitert med. Eg møtte mange veldig hyggelege folk og fekk sett korleis ein bur og lev på landsbygda i Zimbabwe.
Årets maisavling


Kjøkken

Elles kan eg melde om kjølegare vær den siste veka, noko eg ikkje har forakta. Makstemperaturen har vore rundt 20 grader dei fleste dagar, enkelte dagar ikkje meir enn 18. (Noko som faktisk kjennes kjøleg etter ni månader med varme.) Spesielt om kvelden, natta og tidleg på morgonen er det kaldt, medan det midt på dagen fortsatt er ganske varmt i sola. Det blir og iskaldt inne i husa om natta, ettersom murhus ikkje kan tilby så mykje isolasjon. Endeleg er det behageleg sovetemperatur. Eg har til og med måtte tatt i bruk teppe! Ungane har funne fram vinterjakkene, men humøret er fortsatt på topp:


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar